Skip to content

Osafestivalen 2023

26. - 29. oktober

Program

  • Musikalsk prøverom på to hjul

    Kva slags merkelege instrument har Steinar Ofsdal funne fram frå samlinga si? Lurer du på korleis ein spelar seljefløyte eller korleis ei munnharpe fungerer? Steinar tek med seg alle instrumentene…

    torsdag 26. okt
    09:00
  • Opning av festivalutstillinga

    Simone Hooymans (f. 1974) er årets festivalkunstnar! Hooymans er ein av våre fremste animasjonskunstnarar og har vunne ei rekkje prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simone sine handteikna animasjonar er kjenneteikna…

    torsdag 26. okt
    18:00
    Galleri 19
  • Oppskóka

    Gjestene som kjem på Osafestivalen si Oppskóka slepp nok å drikka or "kjengjo store so mannalyft", men smak av kveik skal dei i alle fall få, både i form av…

    torsdag 26. okt
    19:30
    Gamlekinoen Foajé
  • Folkesnurr spelemannslag

    DJ Finborud er attende med forsterka mannskap! – Planen er å ta Folkesnurr-konseptet endå eit steg i retning klubbmusikken, med beats frå moderne klubb/house/afro-sjangrar, der klangar frå folkemusikken blandar seg…

    fredag 27. okt
    00:00
    Voss idrettshall
  • Lunsjkonsert med studentane på Ole Bull Akademiet

    Studentane på Ole Bull Akademiet tek tradisjonsmusikken inn i ei ny tid, og gir oss ein konsert med stor variasjon i uttrykk og bruk av ulike instrument. Dei gir slåttane…

    fredag 27. okt
    12:00
    Voss Sparebank
  • Bandworkshop med Sliteneliten

    Er du glad i musikk? Nysgjerrig på å spela i band? Bli med på workshop med Sliteneliten i Gryto! Gratis! Pizza til alle! Påmelding: voss.friskus.com Arrangementet er eit samarbeid med…

    fredag 27. okt
    15:00
    Vangsgryto
  • Ævestaden

    Endeleg! Ævestaden kjem til Voss og Osafestivalen! Magnus Ulleland omsette Dante sin «Den guddommelege komedie», og der nyttar han ordet Ævestaden som eit anna ord for helvete. Trioen Kenneth Lien,…

    fredag 27. okt
    16:30
    Gamlekinoen Foajé
  • UngOsa helgekurs

    Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit -…

    fredag 27. okt
    16:30
    Voss vandrarheim
  • Gro Holm opnar Osafestivalen

    Med ein felespelande far frå Finnskogen og sitt fyrste dansekurs i kjellaren på Modum Bad og nervesanatorium, kan ein trygt slå fast at årets festivalopnar – NRK-journalist Gro Holm –…

    fredag 27. okt
    18:30
    Voss idrettshall
  • Mamelukkk dansekompani: Livmødre

    Danseframsyninga Livmødre startar Osafestivalen 2023 fredag kveld i Voss idrettshall! Førestillinga gir eit rått og ærleg bilete på korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar. Fem hardtsparkande dansarar, to fantastiske…

    fredag 27. okt
    19:00
    Voss idrettshall
  • Daniel Sandén-Warg

    Daniel Sandén-Warg har turnert mange stader i verda med kjende artistar, men konsentrerer seg no mest om setesdalsmusikken, som er grunnmuren hans. Daniel spelar i Bjørgum-tradisjonen som botnar i spelet…

    fredag 27. okt
    20:30
    Voss idrettshall
  • Valkyrien Allstars

    Valkyrien Allstars er attende på Osafestivalen! Gruppa fekk i 2020 Spellemannsprisen i kategorien Vise for studioalbumet Slutte og byne. Og hjå musikkmeldarane hagla det med femmarar og seksarar for musikken…

    fredag 27. okt
    21:00
    Voss idrettshall
  • Sara Parkman

    Svenske Sara Parkman har teke den svenske folkemusikkscena med storm og rett og slett fått kultstatus innan moderne svensk folk. Songaren, felespelaren og låtskrivaren utforskar kva det vil seia å…

    fredag 27. okt
    22:30
    Voss idrettshall
  • Eir vatn strøm

    I fjor vart Eir Vatn Strøm kåra til Årets unge folkemusikar, etter at ho vann finalen i IntroFolk under Folkelarm. I år kjem ho til Osafestivalen, både med bandet Ævestaden…

    fredag 27. okt
    23:45
    Voss idrettshall
  • Dans med Skrot

    Friske arrangment og fengene melodiar! SKROT spelar ein miks av tradisjonell gamaldans og nykomponert musikk som dei lagar sjølve. Gruppa er inspirert av «Visdals kvintett», Nye Ringnesin» m.fl. Ane Stakston…

    laurdag 28. okt
    00:15
    Voss idrettshall
  • Osafrukost med Gjermund Larsen trio

    Vær så god! Osafrukost med rykande fersk musikk frå Gjermund Larsen trio! Musikken frå albumet «Tøyen Sessions», som kjem i oktober, tek oss med på ei reise gjennom dagen og…

    laurdag 28. okt
    09:30
    Gamlekinoen Foajé
  • Prøv deg! Seljefløytemakarkurs

    Bli med på fløytemakarkurs og lær deg handverket! Mange kjenner til seljefløyte som er eit tradisjonsinstrument laga av bark fra seljetreet. Tradisjonelle seljefløyter er kortlevde instrument, og for å kunne…

    laurdag 28. okt
    09:30
    Ole Bull Akademiet
  • Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel med Kenneth Lien

    Kor vanskeleg er det eigentleg å få den vetle metalldingsen til å låta bra? Lyst til å prøva deg? Bli med på lynkurs i munnharpespel med Kenneth Lien! Oppmøte i…

    laurdag 28. okt
    10:00
    Ole Bull Akademiet
  • Prøv deg! Lynkurs i dans

    Vi ladar opp til dans med herlege Madam Jam og Skrot laurdag kveld i idrettshallen! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals.…

    laurdag 28. okt
    10:00
    Ungdomshallen
  • Meistertimen: Tom Willy Rustad møter Kristoffer Kleiveland & Ingrid Standal Sørheim

    Kva er det «å gå i lære» hjå nokon? Korleis overleverer ein tradisjonar, kunnskap og teknikk i praksis? I Osa-programposten Meistertimen får publikum koma tett på denne kunnskaps- og tradisjonsoverleveringa.…

    laurdag 28. okt
    11:00
    Osasalen
  • Stikk innom: Hamre/Farsethås

    Meisterspelemannen Knut Hamre frå Granvin tek med seg hardingfeleeleven Halvor Heierland Farsethås til foajéen i Gamlekinoen. Ti år gamle Halvor byrja å spele hardingfele med Johanne Mjøs då han var…

    laurdag 28. okt
    11:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Osarebus med folkeklang

    Årets nye tilbod på Osafestivalen er OSAREBUS – ein rebus for born i alle aldrar. Starten går frå Tintrabrua, og på vegen gjennom Prestegardsmoen finn deltakarane postar. Her dukkar det…

    laurdag 28. okt
    11:30
    Tintrabrua
  • Annlaug Børsheim spelar slåttar frå Ulvik

    Når Annlaug Børsheim entrar scena på Osafestivalen, gjer ho det for å gje publikum noko ho ikkje har gjeve dei på mange år. – Eg skal halda ein solo hardingfelekonsert,…

    laurdag 28. okt
    12:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Instrumentmakarar i aksjon – familieverkstad

    Instrumentmakarane inntek Voss bibliotek festivalaurdagen! Sjå korleis konservator Wiebke Lüders, gitar- og fiolinmakar Lukas Pawelka og fløytemakarane Stein Villa og Steinar Ofsdal arbeider! Du kan også prøve deg som instrumentmakar!…

    laurdag 28. okt
    12:00
    Voss bibliotek
  • Stikk innom: Småkvedarane møter Jo Asgeir Lie

    Strendingen Ellen Marie Selland Geithung har siste året hatt sju born i alderen 6-10 år med seg i Småkvedarane. Nokre har alt fleire år i sekken, medan andre har gått…

    laurdag 28. okt
    12:15
    Voss Kulturhus
  • Prøv deg! Lynkurs i slåttetromme

    Vil du lære ein trommeslått? Åsmund tek med trommer og slagverk, og lærer bort bryllupsslåttar frå trommetradisjonen i Hordaland. Høver for born. Kursleiar: Åsmund Soldal Inngang: Gratisbillett på TicketCo NB!…

    laurdag 28. okt
    12:30
    Voss Kulturhus
  • Årets Osamæle: Tradisjon, takt & tone

    Lokale stiltrekk og speltradisjonar i møte med ei ny tid Korleis vert tradisjonar som til dømes telemarkspel og valdresspel haldne vedlike og utvikla i møte med samtida vår? Korleis ser…

    laurdag 28. okt
    13:00
    Osasalen
  • Ungdomskonserten: Sliteneliten

    Sliteneliten med Synneva Gjelland, raddisrockeren og odelsjenta frå Bordalen i Voss i front, kjem til Osafestivalen 2023! Etter å ha spelt ein drøss segnomsuste konserter og gitt ut to plater…

    laurdag 28. okt
    13:30
    Gamlekinoen Foajé
  • Stikk innom: G-belgane

    Hausten 2022 sette Rannveig Djønne i gang ei ny gruppe med 14 unge toraderspelarar frå Granvin. Alt i sitt fyrste år har gjengen som ber namnet G-belgane opptredd både i…

    laurdag 28. okt
    13:30
    Ungdomshallen
  • Dans i Ungdomshallen: Skrot

    Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Her får du servert friske arrangment og fengene melodiar, så det er berre…

    laurdag 28. okt
    14:00
    Ungdomshallen
  • Stikk innom: Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på hardinglutt

    Velkomen til ei verdspremiere! Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på ein hardinglutt - eit instrument som såg dagens ljos i mai 2023. Det er Lars Tørresen og Lukas Pawelka som…

    laurdag 28. okt
    14:30
    Osasalen
  • Høgemo/Solberg/Mjølsnes – RUNDDANSSLÅTTAR ETTER OLA MOSAFINN, SJUR HELGELAND MED FLEIRE

    Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Dei tre Vestlands-felespelarane Håkon Høgemo, Silje Solberg og Einar Mjølsnes er glade i…

    laurdag 28. okt
    14:45
    Ungdomshallen
  • Odde/Bratås: Skurken på dansegolvet

    Klar for siste av heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen? Duoen Skurken på dansegolvet, med Pål Bratås på durspel og trekkspel og Steinar Odde vokal og gitar, leverer sin heilt eigne…

    laurdag 28. okt
    15:30
    Ungdomshallen
  • Akustisk og ufiltrert: Økland x 2 møter Pål Jackman, Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

    Bak laurdagskonserten i Nain ligg eit snart 20-årig samarbeid. Den irske felespelaren Caoimhín Ó Raghallaigh jakta på ei hardingfele, og kameraten Mick O’Brien – som spelar irsk sekkepipe, tipsa Caoimhín…

    laurdag 28. okt
    16:00
    Nain
  • Ragna V. Sletten & Vegard Hansen: Slåttar frå Nordmøre og Ottadalen

    Ragna V. Sletten & Vegard Hansen piskar opp kveldsstemninga i Gamlekinoen med slåttar frå Nordmøre og Ottadalen! Dette vert garantert go'stemning! Ragna V. Sletten - fele Vegard Hansen - trekkspel…

    laurdag 28. okt
    17:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Osa heile livet: Solskinn og sang med Kari Svendsen & Steinar Ofsdal

    OSA HEILE LIVET er nytt av året. Her gjev festivalen deg konsertar som treffer menneske i alle fasar av livet, og duoen som har fått æra av å opna ballet…

    laurdag 28. okt
    17:30
    Sosialbygget 3. etg
  • Sudan Dudan med Meisfjord og Opheim

    Etter fire plater og 20 år som duo, tykte kanskje Marit Karlberg og Anders Røine det var på tide å utvida Sudan Dudan til kvartett.Med seg på laget har dei…

    laurdag 28. okt
    17:30
    Gamlekinoen Foajé
  • Daniela Reyes med band

    Årets festival utforskar møtet mellom folkemusikken og visesongen, og laurdagekvelden startar med Daniela Reyes sine litt skjøre og vindskeive viser. Reyes tok publikum og presse med storm då ho debuterte…

    laurdag 28. okt
    19:00
    Voss idrettshall
  • Mat, musikk og vin: Gjermund Larsen trio + Mat frå «BARE» & vin frå kjellaren

    Vi feirer 20 år med "Mat, musikk og vin" og gler oss stort over at Gjermund Larsen trio er årets musikalske vertskap! Vakrare tonefylgje til måltidet enn det Gjermund og…

    laurdag 28. okt
    19:00
    Park Hotel
  • Alexander Aga Røynstrand

    Røynstrand vann Landskappleiken i hardingfele klasse A både i 2019 og i 2022 – den siste vinnaren før pandemien tok oss, og den fyrste etter at landet opna opp att.…

    laurdag 28. okt
    20:30
    Voss idrettshall
  • Øystein Sunde & Meget i Sløyd med gjester Einar Mjølsnes & Kirsten Bråten Berg

    Ein konsert med Øystein Sunde er like deler musikalsk og verbal galskap – i beste og mest positive tyding av ordet. Og det vert ikkje mindre moro når Øystein går…

    laurdag 28. okt
    21:30
    Voss idrettshall
  • Dans med Madam Jam

    Dansen vil ingen ende ta på Osafestivalen 2023: Madam Jam er klare til å dra deg ut på dansegolvet laurdagskvelden! Bakgrunnen for Madam Jam er ynskjet om å utforska korleis…

    laurdag 28. okt
    23:30
    Voss idrettshall
  • Sundagsbrunsj med Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

    Perfekt start på festivalsundagen! Ta med deg gode vener på sundagsbrunsj i gamlekinoen og opplev irske Caoimhín Ó Raghallaigh på 10-strengs Hardanger d’amore og Mick O’Brien på uilleann pipe (irske…

    sundag 29. okt
    11:00
    Gamlekinoen Foajé
  • Folkemusikkgudsteneste med Håkon Asheim

    Folkemusikkmessa under Osafestivalen har blitt ein tradisjon. Årest folkemusikkmesseartist er Håkon Asheim. Velkomen! Arrangør: Kyrkja på Voss

    sundag 29. okt
    11:00
    Vangskyrkja
  • Jo Asgeir Lie i Kapellankåken

    Rektoren ved Ole Bull Akademiet heilt åleine. I finaste Kapellankåken. Det er ikkje ofte Jo Asgeir Lie spelar solokonsertar. Difor er det sjølvsagte ekstra stas å få høyre han solo…

    sundag 29. okt
    12:30
    Kapellankåken
  • UngOsa familiekonsert

    Under UngOsakonserten vil dei om lag 100 aktørane på scena syna fram song, dans og spel. Teksten som vev konserten saman er skriven av forfattar Ruth Lillegraven i samarbeid med…

    sundag 29. okt
    13:00
    Voss idrettshall
  • Urtonen: Kirsten Bråten Berg i Kapellankåken

    Velkomen til årets urtonekonsert i Kapellankåken med Kirsten Bråten Berg. Få, om nokon, kan fleire folketonar, folkeviser, balladar og stev enn Bråten Berg. Ein solokonsert med ho er ei reise…

    sundag 29. okt
    13:30
    Kapellankåken
  • HABA HABA – LILLEBJØRN NILSEN SINE BARNEVISER

    Tidleg på 1970-talet skapte Lillebjørn Nilsen eit eige univers med barnesongane sine. Songar som ofte var baserte på strukturen Lillebjørn fann i folkevisene. Songar med underfundige og morosame tekstar, som…

    sundag 29. okt
    14:30
    Voss idrettshall
  • Unamna – Løvlid/Hytta/Nyhus

    NB! KONSERTEN ER FLYTTA FRÅ OSASALEN TIL VANGSKYRKJA Tradisjonelt, nyskapande og spennande! Opplev nye versjonar av Edvard Griegs 19 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Bak albumet…

    sundag 29. okt
    15:00
    Vangskyrkja
  • Liv Bernhoft Osa & Knut Hamre: Fela og spelemannen

    Gravensar og meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa kjem til årets festival med slåttespel, tekstar og historier som knyter band til store og små hendingar i Olav H.…

    sundag 29. okt
    16:30
    Osasalen
  • Horta: Elias Akselsen, Stian Carstensen & Ola Kvernberg

    I slutten av oktober -22 gav trioen Elias Akselsen, Stian Carstensen og Ola Kvernberg ut albumet Horta. Eitt år etter er dei klare for å sleppa sine magiske tonar laus…

    sundag 29. okt
    18:00
    Voss idrettshall
Scroll To Top