Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Annlaug Børsheim spelar slåttar frå Ulvik

28. oktober 2023 kl 12:00

Når Annlaug Børsheim entrar scena på Osafestivalen, gjer ho det for å gje publikum noko ho ikkje har gjeve dei på mange år. – Eg skal halda ein solo hardingfelekonsert, og det er jammen mange år sidan sist! Og når hardingfela er einaste instrumentet, kva er då meir naturleg for ulvikjen Annlaug enn å spela slåttar frå Ulvik?

– Det er nok ikkje så vanleg å ha ein heil konsert med Ulvikslåttar, men eg trur at det kan liggja nokre gøymde skattar her. Ideen til å nytta dette materialet dukka eigentleg opp då Knut Hamre, Benedicte Maurseth, Lajla Buer Storli og eg gav ut plata Slåttar frå Ulvik, Eidfjord, Kvam og Ullensvang, seier Børsheim.

Gled dykk!

BILLETTAR: Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett. Alle med festivalpass og dagspass kan kjøpe plassbillett til denne konserten for å sikre seg plass. Merk: Få plassar.

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
12:00

Stad

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart