Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Folkesnurr spelemannslag

27. oktober 2023 kl 0:00

DJ Finborud er attende med forsterka mannskap!

– Planen er å ta Folkesnurr-konseptet endå eit steg i retning klubbmusikken, med beats frå moderne klubb/house/afro-sjangrar, der klangar frå folkemusikken blandar seg inn og fargelegg rytmane, seier DJ Finborud. For å oppnå dette, har sjefen forsterka laget med «supermusikar» Kåre Opheim på «folkeperk» og «strengevirtuos» Bjørnar Ekse Brandseth på el-gitar, pedal steel og dobro. Frå før er trommeslagar Anders Fretheim (aldri feil med to perkusjonistar!) og video- og biletkunstnar Bendik Finborud med på laget. Det heile vert toppa med nokre av dei beste hallingdansarane på dansegolvet.

Lars Finborud – DJ
Anders Fretheim – trommer
Kåre Opheim – folkeperk
Bjørnar Ekse Brandseth – gitar
Bendik Finborud – visuals
Torkjell Lunde Børsheim – hallingdans
Ulf-Arne Johannessen – hallingdans
Silje Onstad Hålien – hallingdans
Brigitte Blomlie – hallingdans
Jon Bugge Mariussen – hallingdans

Billettar i sal på TicketCo
Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Detaljar

Dato
27. oktober 2023
Tid:
0:00

Stad

Voss idrettshall