Osafestivalen

Osafestivalen vart arrangert for fyrste gong i 1994 etter å ha sprunge ut frå Strykarfestivalen som vart etablert på Voss to år tidlegare. Festivalen har namn etter, og bakgrunn i, Sigbjørn Bernhoft Osas tankar om å skape ein møtestad der folkemusikken møter og bryner seg på nærliggande musikkformer. Festivalen vert arrangert siste helga i oktober kvart år med kring 40-50 arrangement fordelt over tre dagar. I tillegg står festivalen ansvarleg for heilårsscena Osascena og helgesamlinga UngOsa (i samarebid med Hardingfela.no). Festivalen har tilbod for folk i alle aldrarog har fast tilhaldsstad på Ole Bull Akademiet der dagleg leiar og festivalkoordinator er faste tilsette.