Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Opning av festivalutstillinga

26. oktober 2023 kl 18:00

Simone Hooymans (f. 1974) er årets festivalkunstnar! Hooymans er ein av våre fremste animasjonskunstnarar og har vunne ei rekkje prisar for sine særeigne animasjonsfilmar. Simone sine handteikna animasjonar er kjenneteikna av fantastiske fargar og fascinerande rørsler som syg sjåarane med seg inn i nye univers. Ho arbeider primært med teikning og animasjonar og har samarbeidd med fleire norske musikarar. Ho markerte seg under opningsustllinga til Deichmans nye hovudbibliotek i Bjørvika, med ein større videoinstallasjon, “Talking Plants”, no innkjøpt av Oslo kommunes kunstsamling. Hooymans er opphaveleg frå Holland, men bur og arbeider i Ålvik, Hardanger. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Arnhem og St. Joost i Breda, og ho har delteke i ei rekkje internasjonale gruppeutstillingar, soloutstillinga og filmfestivalar. Mellom anna Haustutstillinga, Vestlandsutstillinga, Kortfilmfestivalen i Grimstad og nyleg Sculpture Biennale Changwon i Sør-Korea.

Til Voss og Osafestivalen kjem ho med utstillinga «A place they call Utopia»

Utstillinga vert opna av kommunalsjef for kultur og fritid i Voss herad Trude Storheim
Musikalske opningstoner ved gamaldansorkesteret SKROT og forkriskingar!

Vel møtt!

Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag

Foto: Hans Pulles

Detaljar:

Dato
26. oktober 2023
Tid:
18:00

Lokale

Galleri 19
Uttrågata 19
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart