Osascena
PROGAM HAUSTEN 2023
19. AUGUST 19.00, FINNESLOFTET: BERIT OPHEIM & MARIT KARLBERG
Kvedarane Berit Opheim frå Voss og Marit Karlberg frå Valdres startar hausten på Osascena i magiske Finnesloftet! Dei har funne fram songar frå dei rike folkemusikktradisjonane dei er ein del av; stubbar frå stølen, viser, slåttar, salmar og bådnsullar. På vegen har dei funne lokalt særpreg, men og slektskap i melodi og tekst. Bli med på ei reise og eit møte i folkesongen, over fjellet frå aust til vest og attende.
FULLT HAUSTPROGRAM KJEM!
Dører ein halvtime før konsertstart.
Billett enkeltkonsertar dersom ikkje anna er nemnd: kr. 250,- / 150,- (stud)
Styringsgruppa for Osascena
Arne Anderdal
Ida Dyrkorn Heierland (festivalsjef/admin)
Lars Gjelland
Kari Finne Sognnæs
Programforslag?
Kontakt oss på post@osafestivalen.no
Osascena er eit samarbeid mellom Osafestivalen og Voss Spelemannslag
Tusen takk til:
Norsk Kulturråd for økonomisk støtte til konsertrekka.