Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Urtonen: Kirsten Bråten Berg i Kapellankåken

29. oktober 2023 kl 13:30

Velkomen til årets urtonekonsert i Kapellankåken med Kirsten Bråten Berg. Få, om nokon, kan fleire folketonar, folkeviser, balladar og stev enn Bråten Berg. Ein solokonsert med ho er ei reise gjennom hundreåra med dei vakraste tonar du kan tenkja deg.

I programposten Urtonen har Osafestivalen tidlegare presentert nokre av våre aller eldste instrument, som til dømes bukkehorn og munnharpe. Men kva er eldre enn menneskerøysta? Så lenge me har vandra rundt på landjorda, har mennesket nytta røysta til varsling, kalling, kamp og skremsel, men òg til lokking, forføring og underhaldning.

– Det er vel naturleg å starta med det eldste av alt; bånsullen? Og så har eg gamlestev, mellomalderballadar og nystev, seier kvedaren sjølv.

Oppstarten for Bråten Berg var leikkaringen i Arendal. – Eg hadde slik ein mani med å pugga tekstar, så eg har mykje i bagasjen derifrå. Og så er Åseral og Ingebjørg Liestøl sentrale, like eins har eg samla mykje frå dei gamle voksrullane etter Svein Hovden, frå kring 1920. Så nokon rein Setesdalkonsert vert det ikkje. I Setesdalen fortrengde nysteva både gamlesteva og mellomalderballadane, så det finst nesten ikkje opptak eller nedteikningar av gamlestev og balladar, medan det finst 30-40000 nystev.

Billettar: Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett. Alle med pass bør kjøpe plassbillett til denne konserten for å vere sikra plass. Merk få plassar i Kapellankåken, så ikkje vent lenge med å sikre deg billett. Billettar i sal no på TicketCo

Foto: Knut Utler

Detaljar

Dato
29. oktober 2023
Tid:
13:30

Stad

Kapellankåken
Ullestadvegen 10
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart
View Stad Website