Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Årets Osamæle: Tradisjon, takt & tone

28. oktober kl 13:00 - 14:00

Lokale stiltrekk og speltradisjonar i møte med ei ny tid

Korleis vert tradisjonar som til dømes telemarkspel og valdresspel haldne vedlike og utvikla i møte med samtida vår? Korleis ser utøvarane på si eiga rolle som tradisjonsberarar? Korleis utviklar tradisjonsmusikken seg og korleis tek vi vare på særtrekka og kvalitetane i tradisjonen, ikkje minst i møte med det musikalske, kulturelle og samfunnsmessige mangfaldet i vår eiga samtid? Til årets Osamæle har vi invitert tre markante hardingfeleutøvarar: Per Anders Buen Garnås, Ingrid Schei Stuhaug & Sivert Holmen som alle kjem med si eiga forteljing om det å vere tradisjonsberar. Programposten er særskilt støtta av Sparebankstiftelsen DNB, som òg lånar ut instrument til dei tre utøvarane frå si samling (Dextra Musica).

Med
Per Anders Buen Garnås – hardingfele
Ingrid Schei Stuhaug – hardingfele
Sivert Holmen – hardingfele

Foto
Buen Garnås/Stuhaug: Knut Utler
Holmen: Cathrine Dokken

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillett.

Detaljar:

Dato
28. oktober
Tid:
13:00 - 14:00

Lokale

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart