Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Ungdomskonserten: Sliteneliten

28. oktober 2023 kl 13:30

Sliteneliten med Synneva Gjelland, raddisrockeren og odelsjenta frå Bordalen i Voss i front, kjem til Osafestivalen 2023!

Etter å ha spelt ein drøss segnomsuste konserter og gitt ut to plater smekkfulle av velvalde, hardtslåande og avslørande ord om verda anno 2020-tallet er Sliteneliten i ferd med å bli eit band som fleire og fleire får augo opp for. Pynta med tverrfløyte, fele, akustiske og elektriske gitarar, bass, trommer og innslag av piano, hardingfele, saksofon og langeleik tar bandet for seg av alle sjangrane, og smell like godt opp ein powerballade som ei punkelåt eller ein rølpete vals eller halling. På toppen av den instrumentale maksimalismen finn ein sjølvsagt Synnevas gullstrupe med verdas vakraste dialekt, nemleg Vossamålet!

Der mange kanskje tenkjer at band med politiske tekstar er surmaga og lite rause, er Slitenelitens låtar fylt til randen av godt humør, glimt i auga, varme og humor, utan at det går på bekostning av bodskapen. Bandet er fyrst og fremst ein gjeng med vener og aktivistar som kosar seg med å reise rundt og spela konsertar og laga musikk om ting som de bryr seg om. Dei sakna eit band som ville noko, og i punkens (og eigentlig visesongens!) ånd laga dei sjølve det bandet de sakna. Av inspirasjonskjelder kan Amtmandens Døtre, Vømmøl Spellemannslag, The Raincoats og Kjøtt nemnast, men ver du sikker: Sliteneliten heng ikkje att i fortida. Dette er lyden av unge vaksne anno 2023 som har blitt servert ei øydelagd verd saman med ein beskjed om at ingenting nokonsinne kan endre seg. Dette nektar Sliteneliten å akseptere. Med seg i sekken til Osafestivalen har dei brennande, bulande hjarter og ein vissheit om at ei anna verd er mogleg. Bandet ga 8. mars ut si andre plate “Me kan’kje sei nei te da som e bedre” på det venstreorienterte Plateselskapet No. 13.

Synneva Gjelland – vokal, gitar, piano, langeleik
Ylva Gulpinar – gitar
Inga Haugdahl Solberg – fele
Maria Refsland – vokal, bass
Silje Strøm – tverrfløyte
Thea Marie Kvam – trommer

Konserten er eit samarbeid med ungdomsklubben GRYTO

Billettar: Konserten er open for alle, men gratis for ungdom 13-20 år – hugs å laste ned gratisbillett på TicketCo! Elles: fesitvalpass, dagspass laurdag ved ledig kapasitet. Det vert lagt ut nokre få ordinære enkeltbillettar til denne konserten.

HEITT TIPS: Få med deg bandworkshop i Ungdomsklubben Gryto fredag 15-18. Gratis inngang – pizza til alle. Arrangementet er i regi av Ungdomsklubben Gryto

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
13:30

Stad

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart