Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Sundagsbrunsj med Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

29. oktober 2023 kl 11:00

Perfekt start på festivalsundagen! Ta med deg gode vener på sundagsbrunsj i gamlekinoen og opplev irske Caoimhín Ó Raghallaigh på 10-strengs Hardanger d’amore og Mick O’Brien på uilleann pipe (irske sekkepipe). Dei irske pipene har ein mjukare klang enn dei skotske. På scena nyttar Mick ei sekkepipe med ei ekstra A/G drone. I tillegg spelar han ei rekkje fløyter, typiske for den irske tradmusikken. Duoen gav ut sitt fyrste album Kitty Lie Over i 2003, eit album som vart heidra som det beste irske tradisjonelle albumet det året.

Billettar: Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett.

Det vert høve til å kjøpe kortreist mat med råvarar frå Een gard og Finnegarden i tillegg til eit herleg utval av lokal drykk.
Dørene og kaféen opnar 10.30

Detaljar

Dato
29. oktober 2023
Tid:
11:00

Stad

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart