Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Dans i Ungdomshallen: Skrot

28. oktober 2023 kl 14:00

Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Her får du servert friske arrangment og fengene melodiar, så det er berre til å finne fram danseskoa og hive deg ut i dansen!

SKROT spelar ein miks av tradisjonell gamaldans og nykomponert musikk som dei lagar sjølve. Gruppa er inspirert av «Visdals kvintett», Nye Ringnesin» m.fl.

Ane Stakston Aaasen, fele
Ragna Valde Sletten, fele
Steinar Odde, trekkspill
Vegard Hansen, trekkspill
Gro Visdal, kontrabass
Semon Harerusten, gitar

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Ungdomshallen
Med huskortet kjem du inn på alle dei tre dansekonsertane i Ungdomshallen laurdag
Vi sel ikkje enkeltbillettar til dansekonsertane.

Heitt tips! Meld deg på lynkurs i dans tidlegare same dag og få med deg nokre gode dansemoves

Foto: Thor Hauknes

Detaljar:

Dato
28. oktober 2023
Tid:
14:00

Lokale

Ungdomshallen