Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Unamna – Løvlid/Hytta/Nyhus

29. oktober 2023 kl 15:00

NB! KONSERTEN ER FLYTTA FRÅ OSASALEN TIL VANGSKYRKJA

Tradisjonelt, nyskapande og spennande! Opplev nye versjonar av Edvard Griegs 19 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Bak albumet «Unamna – folkeviser ved Løvlid/Hytta/Nyhus» finn me trioen Unni Løvlid (song), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (flygel og trøorgel). Trioen stakk av med spelemannsprisen i klassen samtid i 2022 for albumet dei gav ut hausten 2022.

Trioen var nyfikne på kven kvinnene bak folkevisene kunne vera. Kvinner som i dag er ukjende – Unamna – og borte. Det einaste namnet me kjenner er Gjendine Slålien. Men folkevisene Grieg fekk høyra på sine mange vandringar i fjellheimen lever vidare. Og trioen ynskjer å lyfta fram kvinnene som song desse songane – eller ideane om kven dei var og kva krefter dei bar i seg.

Unni Løvlid – vokal
Anne Hytta – hardingfele
Ingfrid Breie Nyhus – flygel og harmonium

Billettar: Festivalpass, dagspass sundag eller enkeeltbillettar i sal på TicketCo

Detaljar:

Dato
29. oktober 2023
Tid:
15:00

Lokale

Vangskyrkja
Bergsliplassen 1
Voss, Norway
+ Google-kart