Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Meistertimen: Tom Willy Rustad møter Kristoffer Kleiveland & Ingrid Standal Sørheim

28. oktober 2023 kl 11:00

Kva er det «å gå i lære» hjå nokon? Korleis overleverer ein tradisjonar, kunnskap og teknikk i praksis? I Osa-programposten Meistertimen får publikum koma tett på denne kunnskaps- og tradisjonsoverleveringa. Gjennom samtale, utprøving og spel mellom meister og elev får du sjå og høyra korleis ny kunnskap og nye måtar å forstå og framføra musikken på gjev ei endå djupare innleving. Meistertimen tek overleveringstradisjonen til scena.

I år er det durspeltradisjonen som står i fokus, og Osafestivalen inviterer til eit møte mellom meister Tom Willy Rustad, Kristoffer Kleiveland og Ingrid Standal Sørheim. «Elevane» er begge glitrande, etablerte utøvarar, og at Tom Willy er ein meister er i inga overdriving. Han fekk torader og trekkspel inn med morsmjølka. Han var den fyrste som tok torader hovudfag ved Norges Musikkhøgskole, og han har vore gjesteprofessor ved fleire europeiske universitet. No er han fyrsteamanuensis ved Ole Bull Akademiet.

Sjølv seier Rustad dette om den norske durspeltradisjonen: – Slåttespelet i Noreg er heilt unikt samanlikna med andre durspeltradisjonar i verda. Og det er inga tvil om at Ole Bull Akademiet har vore med på å utvikla vestlandstradisjonen og -stilen i eit omfang og ein rikdom som er episentrisk!

Meistertimen er særskilt støtta av Norsk Senter for folkemusikk og folkedans

Foto: Patryk H. Polanski / privat / Svanhild Toppe Tolaas

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
11:00

Stad

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart