Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Daniela Reyes med band

28. oktober 2023 kl 19:00

Årets festival utforskar møtet mellom folkemusikken og visesongen, og laurdagekvelden startar med Daniela Reyes sine litt skjøre og vindskeive viser. Reyes tok publikum og presse med storm då ho debuterte med albumet Engangsdager i 2021. Kombinasjonen av ei heilt spesiell stemme, eit eineståande tekstskrivartalent og eit stillferdig komp på trekkspel og gitar gav henne Spellemannsprisen i klassa Årets Tekstforfatter og nominasjon i klassa Viser og Visepop. Daniela framfører sine såre og rørande tekstar i ei blanding av naiv uskuld og mektig tenksemd. På Osafestivalen stiller ho med fullt band.

«Et imponerende låtskrivertalent» – Aftenposten 6/6
«Bemerkelsesverdig debut fra usedvanlig talent» – VG 5/6
«Popkunst i sin enkleste form – rett i hjertet» – Dagens Næringsliv
«En framifrå tekstforfatter» – Klassekampen 5/6

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag

Foto: Sigurd Fandango

Detaljar:

Dato
28. oktober 2023
Tid:
19:00

Lokale

Voss idrettshall