Lunsjkonsert med studentane på Ole Bull Akademiet
Studentane på Ole Bull Akademiet tek tradisjonsmusikken inn i ei ny tid, og gir oss ein konsert med stor variasjon i uttrykk og bruk av ulike instrument. Dei gir slåttane og folkesongane nytt liv og appell som for 200 år sidan, då dei var dåtidas «hits»! Gamle dansar og viser blir som nye, inspirert både av moderne musikkuttrykk og av dei solide tradisjonsberarane som studentane har som førebilete og læremeistrar. Kom og la deg rive med av ung speleglede og energi!
Med:
Ingrid Lingaas Fossum, langeleik/vokal
Iselin Aukrust, fele/vokal
Solveig Eide Grønningsæter, fele
Robin Morken, fele
Ragna Valde Sletten, fele
Ane Stakston Aasen, fele
Siri Nordgård, toradar
Vegard Hansen, trekkspel
Ivar Blekastad Haugen, trekkspel
Emma Sandseter-Selen, trekkspel
Steinar Odde, gitar/trekkspel
Semon Harerusten, gitar/mandolin
Konserten er eit samarbeid med Voss Sparebank
Foto: Thor Hauknes