Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Liv Bernhoft Osa & Knut Hamre: Fela og spelemannen

29. oktober 2023 kl 16:30

Gravensar og meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa kjem til årets festival med slåttespel, tekstar og historier som knyter band til store og små hendingar i Olav H. Hauge sitt liv.

Språket er utan tvil noko av det som gjer Olav H. Hauge til ein så særmerkt og omtykt diktar, både når det gjeld hans eigne dikt og gjennom innsatsen hans som attdiktar av lyrikk frå mange verdshjørne. Hauge skreiv med ein nynorsk målbunad som står høgnorsken nær. Likevel synest orda hans ikkje framande. Dei er lydmålande og undringsvekkjande og verkar på tvers av generasjonar til å gjere det usynlege synleg.

«Eg vert aldri ferdig med Olav H. Hauge. Du oppdagar heile tida noko nytt. Eg kan lata meg sluka av dagbøkene hans i timevis, og dei mangslungne dikta og tekstane hans gjev meg ein glytt inn i tankar og språk som lyfter det daglegdagse og små til noko stort og universelt» Liv Bernhoft Osa

Hamre og Osa har gjort ulike versjonar av Hauge-programmet sitt kringom i landet. – Eg har kjent Knut – eller kanskje er det rettare å seia at me møtte på kvarandre – heilt sidan han tok til i lære hjå far min i 13-årsalderen. Sidan har me møtst i ulike samanhengar. Men fyrste gongen me gjorde noko saman var under hundreårsjubilea for Geirr Tveitt og Olav H. Hauge på Hardingtonar i 2008, fortel Liv.

Konserten er særskilt støtta av Voss Sparebank og vert opna av banksjef Jørund Rong

Billettar: Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett. Dei som har kjøpt festivalpass og dagspass kan kjøpe plassbillett til denne konserten.

Foto Hamre: Vidar Herre
Foto Osa: Fredrik Arff

 

Detaljar

Dato
29. oktober 2023
Tid:
16:30

Stad

Osasalen
Strengjarhaugen 6
Voss, Norway
+ Google-kart