Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Høgemo/Solberg/Mjølsnes – RUNDDANSSLÅTTAR ETTER OLA MOSAFINN, SJUR HELGELAND MED FLEIRE

28. oktober 2023 kl 14:45

Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Dei tre Vestlands-felespelarane Håkon Høgemo, Silje Solberg og Einar Mjølsnes er glade i å dykka ned i skattekister for å leita fram gamle slåtteperler. På Osafestivalen presenterer dei ein trestemt dansespelkonsert med runddansslåttar etter storspelemenn som Ola Mosafinn, Sjur Helgeland og Arne Høyland. Mjølsnes har arrangert slåttane for tre feler. Fleire av slåttane er ukjende i dagens runddansrepertoar.

Dette vert så absolutt ein konsert, men du får meir valuta for pengane. Eller som Silje seier det: – Det vert feiande friskt og flott runddansspel, og publikum er velkomne til å dansa med!

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Ungdomshallen
Med huskortet kjem du inn på alle dei tre dansekonsertane i Ungdomshallen laurdag
Vi sel ikkje enkeltbillettar til dansekonsertane.

Heitt tips! Meld deg på lynkurs i dans tidlegare same dag og få med deg nokre gode dansemoves

Foto: Hans Knut Sveen

Detaljar:

Dato
28. oktober 2023
Tid:
14:45

Lokale

Ungdomshallen