Lastar Hendingar

Jo Asgeir Lie i Kapellankåken

Web Jo Asgeir Lie
sun 29. okt 2023
12:30

Rektoren ved Ole Bull Akademiet heilt åleine. I finaste Kapellankåken. Det er ikkje ofte Jo Asgeir Lie spelar solokonsertar. Difor er det sjølvsagte ekstra stas å få høyre han solo på årets festival.

I tillegg til å vere pedagog, komponist og arrangør, har Kvarts vore ein sentral del av virket hans som utøvar. Med Kvarts har han gjeve ut ti cd-ar og fått to spellemannprisar. Jo Asgeir er ein meisterleg tonediktar, og han har ein omfattande katalog med eigenkomponert musikk. Produksjonen spenner frå solostykke til teatermusikk og liturgisk musikk. Særleg folkemusikkmessa sitt eige liv rundt om i Noreg.

På solokonserten kjem han til å framføra eit tverrsnitt av musikken han har jobba med i ein mannsalder – både eigne ting og anna.

Billettar: Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett. Alle med festivalpass eller dagspass kan kjøpe plassbillett til denne konserten for å sikre seg plass. Merk at det er få plassar i Kapellankåken.

Varighet: 45 min.