Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

UngOsa helgekurs

27. oktober 2023 kl 16:30 - 29. oktober 2023 kl 15:00

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit – eller fleire – av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!

Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 8. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.

UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!

Førebelse lærarar UngOsa 2023

Toradar: Ole Gjerde, Amalie Kinsarvik Tvilde og Linda Skjerping
Song: Guttorm Rogdaberg og Lajla Storli
Hardingfele: Svein Laingen Kjerland, Ida Marie Rognsvåg, Håkon Høgemo og Marta Lindvik
Dans: Åsmund Nestås Øydvin og Silja Solvang med dansespel av Anita Bråvoll
Samspel:John Ole Morken, ope for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund. Døme på instrument: gitar, bass, hardingfele, toradar, trekkspel m.m.


20.september gjekk påmeldingsfristen til UngOsa ut, og det var heile 77 deltakarar som har meldt seg på innan fristen. Me lyt no setje eventuelle nye påmeldingar på venteliste.

Meld deg på venteliste her

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Detaljar:

Start:
27. oktober 2023 kl 16:30
Slutt:
29. oktober 2023 kl 15:00

Lokale

Voss vandrarheim
Peter Bondes veg 40
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart