Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Osa heile livet: Solskinn og sang med Kari Svendsen & Steinar Ofsdal

28. oktober 2023 kl 17:30

OSA HEILE LIVET er nytt av året. Her gjev festivalen deg konsertar som treffer menneske i alle fasar av livet, og duoen som har fått æra av å opna ballet er ingen ringare enn «Banjo-Kari» Svendsen og Steinar Ofsdal.

– Kari sa ja på strak arm! seier ein oppglødd Ofsdal. Og han lovar ein konsert som for mange vil verta ein slags «Ynskjekonserten Topp 10». Her får du revyviser frå 50-talet, Pengegalloppen, skillingsviser og allsongar folket kan syngja med på.

Dei som er midt i sin andre ungdom vil sikkert hugsa Anne Cath. Vestly og Alf Prøysen i rollene som gatemusikantane Kanutten og Romeo Clive. Songen «alle» hugsar er Prøysen sin sorgmuntre (For her er det) Solskinn og sang, og det er den Kari Kanutten og Steinar Romeo opnar med.

– Både Kari og eg opptrer ein god del kvar for oss, for eldre menneske. For Kari er revyvisene fast på programmet. Eg har eit litt anna repertoar, men også eg har kjende songar på menyen. Og når me kjem til Osafestivalen er det berre oss to; Kari på banjo og song, medan eg held meg til fløytene mine, seier Ofsdal. Som tykkjer det er flott at Osafestivalen no får på plass eit programtilbod som treffer folk i alle aldrar, men likevel er skreddarsydd for dei eldste.

Kari Svendsen – banjo, vokal
Steinar Ofsdal – fløyter

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillettar i sal på TicketCo

Konserten er eit samarbeid med Velferdsentralen på Voss og er særskilt støtta av Stiftelsen Sosialbygget

Foto: Knut Utler

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
17:30

Stad

Sosialbygget 3. etg
Miltzows Gata 2
5700, Norway
+ Google-kart