Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Mamelukkk dansekompani: Livmødre

27. oktober 2023 kl 19:00

Danseframsyninga Livmødre startar Osafestivalen 2023 fredag kveld i Voss idrettshall! Førestillinga gir eit rått og ærleg bilete på korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar. Fem hardtsparkande dansarar, to fantastiske musikarar. Alle kvinner. Gå ikkje glipp av denne unike førestillinga!

Korleis kan endringane i kvinnekroppen, den månadlege syklusen, overgangen frå barn til vaksen, det å verta mor, vaksenlivet, alderdomen uttrykkjast i dans? Og ikkje minst: gjennom den mest mannlege av alle dansar; hallingen? Livmødre er skapt av Silje Onstad Hålien (koregraf og utøvar), Selma French Bolstad (komponist og utøvar) og Susanne Marko (dramaturg), saman med Mamelukk Dansekompani. Fem kvinnelege dansarar skal utforska om det er mogleg å tematisera endringane i kvinnekroppen ved hjelp av dans i hallingtakt. Er det råd å uttrykkja noko av det mest kvinnelege gjennom ein dans som alltid har vorte utforma på mannen sine premissar?

– Gjennom ein kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløysing og graviditet har me leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla. Me ynskjer å visa eit rått og ærleg bilete av korleis det er å vera kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida? undrar skaparane av Livmødre.

Kostymedesign: Signe Vasshus
Lysdesign: Daniel Kolstad Gimle
Produsent: Rannveig Øygardslia
Medskapande utøvarar: Anita Vika Langødegård, Brigitte Blomlie, Silje Risdal Liahagen, Solveig Hårdnes, Solveig Wang

Livmødre er laga i samproduksjon med Riksscenen og Sprang, med støtte frå Kulturrådet, NOPA, Valdresmusea og Folkemusikkveka.

Detaljar:

Dato
27. oktober 2023
Tid:
19:00

Lokale

Voss idrettshall