Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Daniel Sandén-Warg

27. oktober 2023 kl 20:30

Daniel Sandén-Warg har turnert mange stader i verda med kjende artistar, men konsentrerer seg no mest om setesdalsmusikken, som er grunnmuren hans. Daniel spelar i Bjørgum-tradisjonen som botnar i spelet til Knut Jonson Heddi 1857-1938. Han har budd som næraste granne til læremeisteren sin, Hallvard T. Bjørgum, i over 20-år og fått mykje spel derifrå. Men fyrst og fremst er det nok Torleiv H. Bjørgum 1921-1990 han har lagt seg mest etter når det gjeld spelestil. Daniel Sandén-Warg er også sylvsmed og lærde dette faget av syster til Hallvard, Liv Helga Brokke.

Dette MÅ opplevast! Gled dykk til eit rått hardingfeleaugneblink i Voss idrettshall!

Varighet: Om lag 20 min.

Billettar: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Foto: Privat

Detaljar:

Dato
27. oktober 2023
Tid:
20:30

Lokale

Voss idrettshall