Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Ævestaden

27. oktober 2023 kl 16:30

Endeleg! Ævestaden kjem til Voss og Osafestivalen! Magnus Ulleland omsette Dante sin «Den guddommelege komedie», og der nyttar han ordet Ævestaden som eit anna ord for helvete. Trioen Kenneth Lien, Levina Storåkern og Eir Vatn Strøm har lånt namnet, og det er ikkje tvil om at dei leverer djevelsk god musikk.

– Ævestaden er lange korallar, moderne tekstar, poplåtar og eit lydbilete som ikkje er redd for korkje det klare, skitne, elektroniske eller tradisjonelle, forklarer Eir. Trioen fekk Folkelarmprisen for debutalbumet Ingen mere gråter i -21. Ævestaden har vunne eit stort publikum både i inn- og utland gjennom sin måte å knyta det tradisjonelle og moderne saman på. Turnear i fleire europeiske land og festivaljobbar på By:Larm, Førdefestivalen, VillVillVest, Festspillene i Bergen og Midgardsblot seier noko om nedslagsfeltet. Ævestaden kjem med nytt album til oktober.

Sikre dykk plass her, folkens!

Billettar: Festivalpass eller enkeltbillett. Alle som har kjøpt festivalpass kan sikre seg plass ved å kjøpe plassbillett til denne konserten. Merk: Avgrensa tal plassar, så ikkje vent for lenke med å kjøpe plassbillett.

Detaljar

Dato
27. oktober 2023
Tid:
16:30

Stad

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart