Ungosa
Helgekurs for born og unge under Osafestivalen
Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit - eller fleire - av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!
Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 10. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.
UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!
INSTRUKTØRAR 2026
Tiril Eirunn Einarsdotter (hardingfele)
Trygve Liahagen (hardingfele)
Sindre Tronrud (hardingfele)
Ane Stakston Aasen (fele)
Gro Visdal (kontrabass)
Steinar Odde (samspel)*
Amalie Kinsarvik Tvilde (toradar)
Marius Berglund (toradar)
Rannveig Djønne (toradar)
Magnhild Garnås Haugen (song)
Felicia Storn (song)
Ånund Meberg Myhren (dans)
Signe Dorthea Krohn Gjessing (dans)
* Ope for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund. Døme på instrument: gitar, bass, hardingfele, toradar, trekkspel m.m.
DELTAKARPRISAR
995,- for deltaking u/overnatting
1195,- m/overnatting med syskrnmoderasjon
1395,- m/overnatting vanleg
2370,- for overnatting for følgje
PÅMELDING
For å melde deg på må du fylle ut påmeldingsskjema og betale kursavgift i TicketCo
Påmeldingsfrist 1. oktober.
Merk at plassane fyller seg raskt opp, så ikkje vent for lenge med å melde deg på.
Foto: Elisabeth Emmerhoff
Tusen takk til hovudsponsorarne for UngOsa!
