Systerspel

For fyrste gong vert det produsert ei vandreutstilling om spelekvinna kring Noreg og hennar historie. Utstillinga er såleis unik, og gjev publikum høve til å sjå og oppleva mellom anna den eldste hardingfela bruka av ei spelekvinne frå 1784, handskrivne turnébrev, særmerkte felehus henta fram frå privat eige, eldre og ukjende fotografi, lydopptak med meir.

Om utstillinga

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel er ei vandreutstilling basert på ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon. Dei er fleire enn du trudde.

Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Voss Herad, Fritt Ord, Voss Sparebank og Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Utstillingseigar: Osafestivalen v/Ida Dyrkorn Heierland
Utstillingsdesign: Prestegård Design
Innhald: Benedicte Maurseth
Grafisk Design: Modest [Rune Døli]
Illustrasjon: Mari Kanstad Johnsen
Samhandling konsertførestilling: BN Visuals
Jørgen Træen – lydkollasj

Utstillinga er berekna til rom frå 60 m2 og oppover, den kan med fordel vera i større rom for å få meir luft kring tematikken. I tillegg må visningsstaden ha oppbevaringsplass for transportkassar og pallekarmar.

Utstillinga skal på vandring i 2023-24. Ta kontakt om du er interessert i å få utstillinga til din heimstad:

Osafestivalen v/ Ida Dyrkorn Heierland
Tlf. 56 51 65 00
post@osafestivalen.no