Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Akustisk og ufiltrert: Økland x 2 møter Pål Jackman, Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

28. oktober 2023 kl 16:00

Bak laurdagskonserten i Nain ligg eit snart 20-årig samarbeid. Den irske felespelaren Caoimhín Ó Raghallaigh jakta på ei hardingfele, og kameraten Mick O’Brien – som spelar irsk sekkepipe, tipsa Caoimhín om Nils Økland. Torbjørn Økland og Mick O’Brien er også gamle kjenningar frå tida med Vamp. No kjem dei til Voss med ein storstilt konsert i NAIN fesitvallaurdagen.

– Det vert ein akustisk konsert, med Caoimhín, Mick, bror Torbjørn, son Henrik – me kallar oss Økland x 3, bassist Inga Margrete Aas og Voss Spelemannslag, sier Nils Økland. Gløym sjangrar og stilretningar, her er det berre MUSIKK! Økland lokkar med gjensidig inspirasjon mellom Irland og Noreg, med «sekkepipedåm», kanskje ein poplåt eller to og ikke minst ein slått skriven av Arne Anderdal.

– Ei akustisk framføring tek vekk det filteret elektrisk forsterking og elektroniske effektar oftast legg mellom musikarar og publikum. Her vert det både trad og nyskrivne låtar, fortel Nils Økland

Gled dykk!

Mick O’Brien – irsk sekkepipe, fløyter
Caoimhín Ó Raghallaigh – hardanger d’amore
Nils Økland – fioliner og hardingfeler
Paul Jackman – gitar, vokal
Torbjørn Økland – trompet, vokal, strengeinstrumenter
Inga Margrete Aas – bass
Voss Spelemannslag


Konserten er produsert for Osafestivalen av Nils Økland

Billettar: Festivalpass (earlybird tom 30. juni), dagspass laurdag eller enkeltbillett. Har du kjøpt festivalpass eller dagspass kan du sikre deg plass ved å kjøpe plassbillett.

Foto Økland: Malene Økland

Detaljar:

Dato
28. oktober 2023
Tid:
16:00

Lokale

Nain
Gymnasvegen 4
Voss, Norway
+ Google-kart