Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Dans med Madam Jam

28. oktober 2023 kl 23:30

Dansen vil ingen ende ta på Osafestivalen 2023: Madam Jam er klare til å dra deg ut på dansegolvet laurdagskvelden!

Bakgrunnen for Madam Jam er ynskjet om å utforska korleis den tradisjonelle runddansen kan få nytt liv i eit stort band og med spennande instrumentering. Såleis er både banjo og dobro med i lydbiletet, i tillegg til fele, trekkspel, torader, gitarar og kontrabass. Målet er å utfordra den standarden gudbrandsdølene Oddvar Nygaard og Ola Opheim sette då dei gav ut musikken sin på 60-talet. Alle dei sju i Madam Jam er kvar for seg markante tradisjonsmusikarar som er vel heime både i slåttespelet og i dansemusikken. Samstundes er dei heile tida på jakt etter nye måtar å bringa runddansen vidare på. Her tek dei i bruk inspirasjon frå andre folkemusikkulturar og spelemåtar. Eitt av måla er sjølvsagt å få fleire ungdomar til å entra dansegolvet.

Johanne Luksengaard Mjøs – fele/ bratsj/ hardingfele
Steinar Odde – banjo/ dobro
Øyvind Sandum – durspel/ trekkspel
Pål Bratås – durspel/ trekkspel
Kjartan Haugen Foss – el-gitar/ akk. gitar
Geir Byre – akk.gitar
Gro Visdal – kontrabass

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag
Har du tinga plass på «Mat, musikk og vin», inngår dansen i Voss idrettshall laurdag kveld i billetten.

Heitt tips! Meld deg på lynkurs i dans tidlegare same dag og få med deg nokre gode dansemoves

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
23:30

Stad

Voss idrettshall