Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Sara Parkman

27. oktober 2023 kl 22:30

Svenske Sara Parkman har teke den svenske folkemusikkscena med storm og rett og slett fått kultstatus innan moderne svensk folk. Songaren, felespelaren og låtskrivaren utforskar kva det vil seia å vera menneske – med kropp og sjel. Som tredjegenerasjons prestedotter, har Sara den religiøse folkemusikken i botn for alt ho gjer. Ho slo gjennom med albumet Vesper, og i -22 gav ho ut sitt tredje album, Eros Agape Philia, eit album som har sikra Sara nominasjonar til årets komponist og årets folkemusikar i Grammis, svenskane sin versjon av Spellemannsprisen. Blandinga av folkemusikk, synthar, trommemaskiner og uvanlege kostyme, gjev deg ei oppleving «mellom gard og nattklubb».

Sara Parkman: femstrenget fiolin, vokal
Hampus Norén: trøorgel, gitar, vokal
Hanna Andersson: fiolin, bratsj, vokal
Ima Baeza Bilgin: tangenter, vokal
Sammy Hsia: trommer

Billettar: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag.

Detaljar:

Dato
27. oktober 2023
Tid:
22:30

Lokale

Voss idrettshall