Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Odde/Bratås: Skurken på dansegolvet

28. oktober 2023 kl 15:30

Klar for siste av heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen? Duoen Skurken på dansegolvet, med Pål Bratås på durspel og trekkspel og Steinar Odde vokal og gitar, leverer sin heilt eigne versjon av runddans. Låtane skriv dei sjølve, men taktarter og tonalitet ligg stort sett trygt planta i den norske folkemusikken. Etter mykje øving og moro, er det endeleg duka for konsertdebuten – på Osafestivalen. Skurkane møtest i djup respekt for kvarandre sine tradisjonar. Odde deler musikken til duoen inn i tre: I botn ligg rytmikk og groove frå diverse norske dalføre, i midten ligg melodiliner med fargar frå hardingfele og sjøfløyte, og på toppen ligg Steinar si rå og sterke røyst som meiner alvor når reinlender, masurka, polka og vals skal ut til folket. Hiv dykk ut i dansen, folkens!

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Ungdomshallen
Med huskortet kjem du inn på alle dei tre dansekonsertane i Ungdomshallen laurdag
Vi sel ikkje enkeltbillettar til dansekonsertane.

Heitt tips! Meld deg på lynkurs i dans tidlegare same dag og få med deg nokre gode dansemoves

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
15:30

Stad

Ungdomshallen