Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Osafrukost med Gjermund Larsen trio

28. oktober 2023 kl 9:30

Vær så god! Osafrukost med rykande fersk musikk frå Gjermund Larsen trio! Musikken frå albumet «Tøyen Sessions», som kjem i oktober, tek oss med på ei reise gjennom dagen og året, der det startar med Morgenslått og sluttar med Kveldsvals – og der me undervegs er innom både April, Sankthansvals og Vintermarsj. Ein nydeleg start på festivallaurdagen med andre ord!

Gjermund Larsen – fele
Sondre Meisfjord – kontrabass
Andreas Utnem – piano, trøorgel

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller enkeltbillet i sal på TicketCo

Det vert høve til å kjøpe frukost og kaffi i Osakaféen.
Dører 09.00

Foto: Agnete Brun

Detaljar:

Dato
28. oktober 2023
Tid:
9:30

Lokale

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway