Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

HABA HABA – LILLEBJØRN NILSEN SINE BARNEVISER

29. oktober 2023 kl 14:30

Tidleg på 1970-talet skapte Lillebjørn Nilsen eit eige univers med barnesongane sine. Songar som ofte var baserte på strukturen Lillebjørn fann i folkevisene. Songar med underfundige og morosame tekstar, som ungane elska og som ofte hadde ein moral som i alle fall dei vaksne fekk med seg.

Då festivalsjef Ida sysla med tankar rundt familiekonserten på årets festival, spurde ho Steinar Ofsdal om det ikkje gjekk an å laga noko på albumet Haba Haba, der me finn legendariske songar som Reven på hønsejakt, Sett deg oppi kørja, Under den hvite bro, Bonden og kråka, Er de’kke rart og ei rekkje andre. – Eg hengde meg på med ein gong, seier Steinar, som saman med Kari Svendsen og Carl Morten Iversen spelte og song med Lillebjørn på plata.

– Tanken min var å gjenskapa klangen frå 70-talet. Kari tente på ideen med ein gong, så eg fekk med meg Terje Kinn på banjo og Olaf Knerten Kamfjord på bass. Dermed vert det fløyte, banjo, kontrabass og vokal – akkurat som på originalen. Som førebuing til arbeidet med Haba Haba, sette Steinar Ofsdal seg ned og høyrde gjennom heile det 50 år gamle albumet. – Dette er så fantastisk bra og morosamt! Dette var Lillebjørn på sitt aller mest kreative!

Kari Svendsen – vokal, banjo
Olaf «Knerten» Kamfjord, bass
Terje Kinn, banjo
Steinar Ofsdal, fløyter
Elevar frå Voss kulturskule

BILLETTAR:
MERK AT KONSERTEN ER FLYTTA FRÅ KL. 14.15 TIL KL. 14.30
Festivalpass, dagskort sundag eller enkeltbillett
Enkeltbilletten gjeld som inngang til «UngOsa familiekonsert» og «Haba Haba»
Gratis inngang for born under 3 år

Foto: Knut Utler

Detaljar

Dato
29. oktober 2023
Tid:
14:30

Stad

Voss idrettshall