Bli Frivillig

Osafestivalen hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan alle dei dyktige frivillige som gjer ein strålande innsats under heile festivalhelga! Vi treng fleire med på laget!

Har du lyst til å gjere ein innsats og vere med å løfte Osafestivalen til nya høgdar i 2025, så ta kontakt med oss! Vi har arbeidsoppgåver som kan passe til alle både i forkant og under festivalen:

  • Marknadsføringsgruppa: Distribusjon av brosjyrer/plakatar/programblad i forkant av festivalen: Med og utan førarkort.
  • Dekorgruppa: Pynting av konsertarenaene slik at vi treff det gode intme festivalkjensla!
  • Festivalkjøkken: Enkle kjøkkenoppgåver og strålande god stemnning! Ansvarområde: Mat til frivillige, backstagemat til artistar.
  • Artistvertar: Syte for at alle artistane under årets festival blir møtt med eit stort smil når dei kjem til Voss, at artistande er på rett stad til rett tid for lydprøver og konsertgjennmføring, vere gode problemløysarar.
  • Konsertarena: Arenaansvarleg, rigg/produksjon, vakt
  • Festivalkontor: billettsal, sentralbord
  • Pressegruppa: foto, video, tekstar frå konsertane, some-arbeid i forkant av festivalen
  • UngOsa

Bli frivillig og få:

  • Medarbeidararmband
    Tilgang til alle festivalkonsertane når du har fri og det er ledig kapasitet. Du må kjøpe fullprisbillett for å vere garantert plass på konsertane. Medarbeidsband kan ikkje kombinerast med plassbillettar.
  • Mat og alkoholfri drikke når du er på jobb
  • Frivilligpris i baren
  • T-skjorte (festivalen er miljøserifisert og oppmodar til gjenbruk)
  • Frivilligfest
  • Nye vener og ta del i eit fantastisk fellesskap av frivillige

HUGS:

  • Alle frivillige må lese frivillighandboka for Osafestivalen 2025 som kjem digitalt.
  • Det vert orienteringsmøte for alle frivillige måndag 20. oktober kl. 18.00
  • Osafestivalen er miljøsertifisert - hjelp oss med å redusere matsvinn, reis kollektivt og bruk sykkel mellom festivalarenaene våre om du har høve til det.
  • Å ha ei fantastisk festivalhelg!