Oppskóka
Gjestene som kjem på Osafestivalen si Oppskóka slepp nok å drikka or «kjengjo store so mannalyft», men smak av kveik skal dei i alle fall få, både i form av den eldgamle heimabryggkulturen og i form av song, dans og spel. Kor gammal den heilt særmerkte gjærkulturen kveik er, veit vel ingen for sikkert, men me talar i alle fall om hundretals og kanskje tusentals år. Ølbryggjarkulturen på Voss går også hundrevis av år attende, og tradisjonen med å smaka og by gjester og naboar det ferske og lunka ølet er truleg like gammal. No fangar Osafestivalen opp også denne lokale kulturarven og inviterer til samkome, musikk og mang ein god samtale kring bord og disk.
Kjetil Dale – formidlar av heimabryggkulturen
Alexander Aga Røynstrand – hardingfele
Torkjell Lunde Børsheim – hallingdans
Eli Storbekken – vokal
Berit Opheim – vokal
Ellen Marie Selland – vokal
Kari Finne Sognnæs – vokal
Anja Savic Røed – vokal
Snioluvr Joanesarson – vokal
Stein Villa – vokal
Steinar Ofsdal – vokal
Tilskipinga er eit samarbeid mellom Osafestivalen, Norsk Kvedarforum og Eldhuset på Dale, og Kjetil Dale skal presentera byggje- og kveikkulturen for urøynde sjeler. Perfekt oppladning til festivalhelga!
Billettar: Festivalpass eller enkeltbillett
Det vert sal av spekemat i baren
Dører 19.00