Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Osarebus med folkeklang

28. oktober 2023 kl 11:30

Årets nye tilbod på Osafestivalen er OSAREBUS – ein rebus for born i alle aldrar. Starten går frå Tintrabrua, og på vegen gjennom Prestegardsmoen finn deltakarane postar. Her dukkar det kanskje opp unge spelejenter og -gutar, eller det heng eit instrument eller to du kan ta på og høyra lyden i. Veit du kva instrument det vert spelt på, eller som heng rundt i skogen? Rebusen endar opp på Voss bibliotek i kulturhuset. Her vert de instrumetmakarverkstad. Og ingen ting er vel kjekkare enn å spela på eit instrument du har laga sjølv? Det må i så fall vera å gå på mange konsertar på OSAFESTIVALEN!

Arrangementet er gratis!
Opmmøte kl. 11.30 ved Tintrabrua

Tips: Ta med borna på «Instrumentmakarar i aksjon» på Voss bibliotek kl 12.00

I samarbeid med Borna sitt Turlag på Voss

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
11:30

Stad

Tintrabrua
Russarvegen
Voss, Norway
+ Google-kart