Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Instrumentmakarar i aksjon – familieverkstad

28. oktober 2023 kl 12:00 - 14:00

Instrumentmakarane inntek Voss bibliotek festivalaurdagen! Sjå korleis konservator Wiebke Lüders, gitar- og fiolinmakar Lukas Pawelka og fløytemakarane Stein Villa og Steinar Ofsdal arbeider! Du kan også prøve deg som instrumentmakar!

Heilt sidan 2004 har Ole Bull Akademiet, der Osafestivalen held til, drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Her arbeider både Wiebke og Lukas. Verkstaden har vorte ein stad som mange musikarar og andre hardingfeleinteresserte søkjer til. På felemakarverkstaden reparerer dei hardingfeler og andre typar instrument laga av tre, som t.d. instrument frå fiolin-, gitar- eller viola da gamba-familiane. I spesielle tilfelle repararer dei også historiske tangentinstrument som cembalo eller spinett. Målet er å gje instrumenta best mogleg lydkvalitet og at dei skal vera lettspelte, samstundes som ein bevarar instrumentets orginalitet.

Arrangementet er eit samarbeid med Voss bibliotek og Borna sitt turlag på Voss

Varighet: kl.12-14

Gratis inngang!

TIPS: Ta med borna på Osarebusen som startar ved Tintrabrua kl.11.30 og avsluttar ved Voss bibliotek.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
12:00 - 14:00

Stad

Voss bibliotek
Evangervegen 6
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart