Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Mat, musikk og vin: Gjermund Larsen trio + Mat frå «BARE» & vin frå kjellaren

28. oktober 2023 kl 19:00

Vi feirer 20 år med «Mat, musikk og vin» og gler oss stort over at Gjermund Larsen trio er årets musikalske vertskap! Vakrare tonefylgje til måltidet enn det Gjermund og hans to medmusikarar har skapt på albumet Tøyen Sessions – eit abum dei slepper på Riksscenen ei veke før festivalen – skal du leita lenge etter. Namnet er henta frå trioen sin faste øvingsstad Tøyen kirke, der albumet også vart spelt inn i januar -23. Musikken tek oss med på ei reise gjennom dagen og året, der det startar med Morgenslått og sluttar med Kveldsvals – og der me undervegs er innom både April, Sankthansvals og Vintermarsj.

17. februar 2020 vart ein historisk dato i Bergen. For fyrste gong fekk ein restaurant i byen ei stjerne i Michelin-guiden, Bak eventyret stod Øystein Ellingsen og ti års hardt arbeid med å kombinera dei aller beste lokale råvarene og ein leiken omgang med tradisjonar og teknikkar. På årets Osafestival er det Ellingsen som, saman med sin tidlegare kjøkensjef Kristian Vangen, skal skapa meny og smaksopplevingar i særklasse. Opplevingar som vert heva til endå større høgder i møte med vinane frå Park Hotel Vossevangen sin eigen legendariske vinkjellar.

Årets musikalske vertskap: Gjermund Larsen Trio

Hugs å tinge plass i god tid for å sikre deg plass.

Billettar:
Kr. 2400,-/pers.
Park Hotel via telefon 56 53 10 00 eller epost til resepsjon@parkvoss.no
Rabattert overnatting kan tingast på www.parkvoss.no – promokode «osa23»
Billett til mat, musikk og vin inkluderer inngang til dans i Voss idrettshall laurdag kveld.

Velkomen!

Foto: Agnete Brun

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
19:00

Stad

Park Hotel
Uttrågata 3
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart