Horta: Elias Akselsen, Stian Carstensen & Ola Kvernberg
I slutten av oktober -22 gav trioen Elias Akselsen, Stian Carstensen og Ola Kvernberg ut albumet Horta. Eitt år etter er dei klare for å sleppa sine magiske tonar laus på Osapublikummet.
Har du ein gong vore på konsert med Elias Akselsen gløymer du det aldri. Oldebarnet til taterkongen Stor-Johan er fødd på vegen og høyrer til den eldste generasjonen som har taterkulturen i blodet; både den musikalske kulturen og handverkstradisjonane med knivarbeid og vispelaging.
I Stian Carstensen og Ola Kvernberg fann Elias to musikarar som både er grenselause i sine tekniske evner og i si kulturtilnærming. Her snakkar me rett og slett om eksplosive varer!
Horta tyder «ekte» på taterspråket romani, og det skal godt gjerast å finna noko meir ekte enn songane som trekkspelaren Carsten, fiolinisten Ola og songaren Elias framfører. Ikkje berre har dei henta fram eit stykke musikalsk kulturhistorie som har henta impulsar frå nære og fjerne himmelstrok, dei har også gjeve dei eldgamle tatersongane si særeigne form. Her får me Burobengen, Mustalainen, Fant-Sonja, Store-Johns visa, Se min ild, Det var i fjor jag tjena dreng og ei rekkje andre songar som Elias fekk læra seg gjennom endelause timar på vegen eller rundt bålet når kveld gjekk over i natt.
Elias Akselsen – vokal
Stian Carstensen – trekkspel
Ola Kvernberg – fele
Billettar: Festivalpass, dagspass sundag eller enkeltbillett
Foto: Nina Djærff