Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Øystein Sunde & Meget i Sløyd med gjester Einar Mjølsnes & Kirsten Bråten Berg

28. oktober 2023 kl 21:30

Ein konsert med Øystein Sunde er like deler musikalsk og verbal galskap – i beste og mest positive tyding av ordet. Og det vert ikkje mindre moro når Øystein går attende til eigen oppvekst, der interessa for folkemusikken vakna.

– Eg er oppvaksen med ein far som var glad i folkemusikk. Han las berre dei hyggjelegaste eventyra til Asbjørnsen og Moe og sang meg i søvn med Bukkevisa, seier Sunde.

På tidleg 70-tal møtte Øystein ein ung Einar Mjølsnes og fekk han med i gruppa Christiania Fusel & Blaagress, «og ein elektrisk versjon av Fanitullen såg dagens lyd i 1972» som ordkunstnaren seier. På slutten av same tiåret starta eit langvarig samarbeid med Ivar Medaas, og det var då Sunde kom «litt under huda på vestlandsspelet til Ivar».

Framsyninga på Osafestivalen ber tittelen Med gamalost til Tennessee. Ho tek utgangspunkt i innspelinga av albumet «Kjekt å ha» i 1989. Sunde tok med seg Mjølsnes til Nashville for å spela inn eit drygt dusin låtar, og med ambisjonar om å knyta norsk og amerikansk folkemusikk saman, om mogleg.

– «Då støvet hadde lagt seg, sat me att med Lofthusen, Gamalosten (Hopparen) og Anne Knutsdotter, den siste i duett med Kirsten Bråten Berg. Så sjølvsagt er Einar Mjølsnes og Kirsten Bråten Berg gjester når Øystein Sunde og bandet Meget i sløyd byr på gamalost med noko attåt.

«Med gamalost til Tennessee» er produsert for Osafestivalen

Øystein Sunde, – gitarer og banjo
Olaf «Knerten» Kamfjord – bass
Terje Kinn, banjo – banjo
Øystein Fosshagen – fele
Birger Mistereggen – perk
Einar Mjølsnes – hardingfele (gjest)
Kirsten Bråten Berg – vokal ( gjest)

Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort Voss idrettshall laurdag
Earlybird i sal tom 30. juni.

Detaljar

Dato
28. oktober 2023
Tid:
21:30

Stad

Voss idrettshall