Skip to content
  • Osafrukost med Gjermund Larsen trio

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Vær så god! Osafrukost med rykande fersk musikk frå Gjermund Larsen trio! Musikken frå albumet «Tøyen Sessions», som kjem i oktober, tek oss med på ei reise gjennom dagen og året, der det startar med Morgenslått og sluttar med Kveldsvals – og der me undervegs er innom både April, Sankthansvals og Vintermarsj. Ein nydeleg start…

  • Prøv deg! Lynkurs i dans

    Ungdomshallen

    Vi ladar opp til dans med herlege Madam Jam og Skrot laurdag kveld i idrettshallen! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals. Passar for alle som har lyst til å prøve seg! Ta med gode sko! Kursleiar: Arne Anderdal Kurset varer i 50 min. og er gratis…

  • Prøv deg! Lynkurs i munnharpespel med Kenneth Lien

    Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

    Kor vanskeleg er det eigentleg å få den vetle metalldingsen til å låta bra? Lyst til å prøva deg? Bli med på lynkurs i munnharpespel med Kenneth Lien! Oppmøte i kaféen på Ole Bull Akademiet (inngang oppe) Påmelding Lynkurset er gratis! Last ned gratisbillett på TicketCo Avgrensa tal på plassar Foto: Knut Utler

  • Meistertimen: Tom Willy Rustad møter Kristoffer Kleiveland & Ingrid Standal Sørheim

    Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

    Kva er det «å gå i lære» hjå nokon? Korleis overleverer ein tradisjonar, kunnskap og teknikk i praksis? I Osa-programposten Meistertimen får publikum koma tett på denne kunnskaps- og tradisjonsoverleveringa. Gjennom samtale, utprøving og spel mellom meister og elev får du sjå og høyra korleis ny kunnskap og nye måtar å forstå og framføra musikken…

  • Stikk innom: Hamre/Farsethås

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Meisterspelemannen Knut Hamre frå Granvin tek med seg hardingfeleeleven Halvor Heierland Farsethås til foajéen i Gamlekinoen. Ti år gamle Halvor byrja å spele hardingfele med Johanne Mjøs då han var fem. Han spelte også med Alexander Aga Røynstrand då han gjekk i kulturskulen. No er Halvor elev hjå Knut Hamre. Dei to møtast for spel…

  • Osarebus med folkeklang

    Tintrabrua Russarvegen, Voss, Norway

    Årets nye tilbod på Osafestivalen er OSAREBUS – ein rebus for born i alle aldrar. Starten går frå Tintrabrua, og på vegen gjennom Prestegardsmoen finn deltakarane postar. Her dukkar det kanskje opp unge spelejenter og -gutar, eller det heng eit instrument eller to du kan ta på og høyra lyden i. Veit du kva instrument…

  • Annlaug Børsheim spelar slåttar frå Ulvik

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Når Annlaug Børsheim entrar scena på Osafestivalen, gjer ho det for å gje publikum noko ho ikkje har gjeve dei på mange år. – Eg skal halda ein solo hardingfelekonsert, og det er jammen mange år sidan sist! Og når hardingfela er einaste instrumentet, kva er då meir naturleg for ulvikjen Annlaug enn å spela…

  • Instrumentmakarar i aksjon – familieverkstad

    Voss bibliotek Evangervegen 6, Voss, Norway

    Instrumentmakarane inntek Voss bibliotek festivalaurdagen! Sjå korleis konservator Wiebke Lüders, gitar- og fiolinmakar Lukas Pawelka og fløytemakarane Stein Villa og Steinar Ofsdal arbeider! Du kan også prøve deg som instrumentmakar! Heilt sidan 2004 har Ole Bull Akademiet, der Osafestivalen held til, drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Her arbeider både Wiebke…

  • Stikk innom: Småkvedarane møter Jo Asgeir Lie

    Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

    Strendingen Ellen Marie Selland Geithung har siste året hatt sju born i alderen 6-10 år med seg i Småkvedarane. Nokre har alt fleire år i sekken, medan andre har gått over frå tilbodet Nøringen til Småkvedarane. Dei sju unge kvedarane har fått prøva scenelivet ved fleire høve, men no er det eit musikalsk møte med…

  • Prøv deg! Lynkurs i slåttetromme

    Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

    Vil du lære ein trommeslått? Åsmund tek med trommer og slagverk, og lærer bort bryllupsslåttar frå trommetradisjonen i Hordaland. Høver for born. Kursleiar: Åsmund Soldal Inngang: Gratisbillett på TicketCo NB! Få plassar - førstemann til mølla

  • Årets Osamæle: Tradisjon, takt & tone

    Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

    Lokale stiltrekk og speltradisjonar i møte med ei ny tid Korleis vert tradisjonar som til dømes telemarkspel og valdresspel haldne vedlike og utvikla i møte med samtida vår? Korleis ser utøvarane på si eiga rolle som tradisjonsberarar? Korleis utviklar tradisjonsmusikken seg og korleis tek vi vare på særtrekka og kvalitetane i tradisjonen, ikkje minst i…

  • Stikk innom: G-belgane

    Ungdomshallen

    Hausten 2022 sette Rannveig Djønne i gang ei ny gruppe med 14 unge toraderspelarar frå Granvin. Alt i sitt fyrste år har gjengen som ber namnet G-belgane opptredd både i heimbygda, i Ulvik og på Evanger. Og i fylje Rannveig, gler dei seg no hankalaust til å få syna Osapublikummet kva dei kan. Alle stikk-innom…

  • Ungdomskonserten: Sliteneliten

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Sliteneliten med Synneva Gjelland, raddisrockeren og odelsjenta frå Bordalen i Voss i front, kjem til Osafestivalen 2023! Etter å ha spelt ein drøss segnomsuste konserter og gitt ut to plater smekkfulle av velvalde, hardtslåande og avslørande ord om verda anno 2020-tallet er Sliteneliten i ferd med å bli eit band som fleire og fleire får…

  • Dans i Ungdomshallen: Skrot

    Ungdomshallen

    Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Her får du servert friske arrangment og fengene melodiar, så det er berre til å finne fram danseskoa og hive deg ut i dansen! SKROT spelar ein miks av tradisjonell gamaldans og nykomponert musikk som dei lagar sjølve.…

  • Stikk innom: Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på hardinglutt

    Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

    Velkomen til ei verdspremiere! Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på ein hardinglutt - eit instrument som såg dagens ljos i mai 2023. Det er Lars Tørresen og Lukas Pawelka som har laga dette fantastiske instrumentet! - Det som er litt rart er at sjølv om instrumentet er heilt nytt, er det som om det alltid…

  • Høgemo/Solberg/Mjølsnes – RUNDDANSSLÅTTAR ETTER OLA MOSAFINN, SJUR HELGELAND MED FLEIRE

    Ungdomshallen

    Etter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Dei tre Vestlands-felespelarane Håkon Høgemo, Silje Solberg og Einar Mjølsnes er glade i å dykka ned i skattekister for å leita fram gamle slåtteperler. På Osafestivalen presenterer dei ein trestemt dansespelkonsert med runddansslåttar etter storspelemenn som Ola Mosafinn,…

  • Odde/Bratås: Skurken på dansegolvet

    Ungdomshallen

    Klar for siste av heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen? Duoen Skurken på dansegolvet, med Pål Bratås på durspel og trekkspel og Steinar Odde vokal og gitar, leverer sin heilt eigne versjon av runddans. Låtane skriv dei sjølve, men taktarter og tonalitet ligg stort sett trygt planta i den norske folkemusikken. Etter mykje øving og moro,…

  • Akustisk og ufiltrert: Økland x 2 møter Pål Jackman, Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

    Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

    Bak laurdagskonserten i Nain ligg eit snart 20-årig samarbeid. Den irske felespelaren Caoimhín Ó Raghallaigh jakta på ei hardingfele, og kameraten Mick O’Brien – som spelar irsk sekkepipe, tipsa Caoimhín om Nils Økland. Torbjørn Økland og Mick O’Brien er også gamle kjenningar frå tida med Vamp. No kjem dei til Voss med ein storstilt konsert…

  • Ragna V. Sletten & Vegard Hansen: Slåttar frå Nordmøre og Ottadalen

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Ragna V. Sletten & Vegard Hansen piskar opp kveldsstemninga i Gamlekinoen med slåttar frå Nordmøre og Ottadalen! Dette vert garantert go'stemning! Ragna V. Sletten - fele Vegard Hansen - trekkspel Inngang: Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett til "Sudan Dudan kvartett". Dette er et førespel og det vert difor ikkje selt enkeltbillettar til denne programposten. Foto: Thor…

  • Sudan Dudan med Meisfjord og Opheim

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Etter fire plater og 20 år som duo, tykte kanskje Marit Karlberg og Anders Røine det var på tide å utvida Sudan Dudan til kvartett.Med seg på laget har dei fått Sondre Meisfjord (bass) og Kåre Opheim (perkusjon) Å skildra musikken til Sudan Dudan er ikkje heilt enkelt. Gabriel Fliflet seier at «Sammen skaper Marit…

  • Osa heile livet: Solskinn og sang med Kari Svendsen & Steinar Ofsdal

    Sosialbygget 3. etg Miltzows Gata 2, 5700, Norway

    OSA HEILE LIVET er nytt av året. Her gjev festivalen deg konsertar som treffer menneske i alle fasar av livet, og duoen som har fått æra av å opna ballet er ingen ringare enn «Banjo-Kari» Svendsen og Steinar Ofsdal. – Kari sa ja på strak arm! seier ein oppglødd Ofsdal. Og han lovar ein konsert…

  • Mat, musikk og vin: Gjermund Larsen trio + Mat frå «BARE» & vin frå kjellaren

    Park Hotel Uttrågata 3, Voss, Norway

    Vi feirer 20 år med "Mat, musikk og vin" og gler oss stort over at Gjermund Larsen trio er årets musikalske vertskap! Vakrare tonefylgje til måltidet enn det Gjermund og hans to medmusikarar har skapt på albumet Tøyen Sessions – eit abum dei slepper på Riksscenen ei veke før festivalen – skal du leita lenge…

  • Daniela Reyes med band

    Voss idrettshall

    Årets festival utforskar møtet mellom folkemusikken og visesongen, og laurdagekvelden startar med Daniela Reyes sine litt skjøre og vindskeive viser. Reyes tok publikum og presse med storm då ho debuterte med albumet Engangsdager i 2021. Kombinasjonen av ei heilt spesiell stemme, eit eineståande tekstskrivartalent og eit stillferdig komp på trekkspel og gitar gav henne Spellemannsprisen…

  • Alexander Aga Røynstrand

    Voss idrettshall

    Røynstrand vann Landskappleiken i hardingfele klasse A både i 2019 og i 2022 – den siste vinnaren før pandemien tok oss, og den fyrste etter at landet opna opp att. Gravensaren er ein av dei store meistrane på hardingfele, både som dansespelemann og som konsertmusikar. Varighet: 20-30 min. Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort laurdag…

  • Øystein Sunde & Meget i Sløyd med gjester Einar Mjølsnes & Kirsten Bråten Berg

    Voss idrettshall

    Ein konsert med Øystein Sunde er like deler musikalsk og verbal galskap – i beste og mest positive tyding av ordet. Og det vert ikkje mindre moro når Øystein går attende til eigen oppvekst, der interessa for folkemusikken vakna. – Eg er oppvaksen med ein far som var glad i folkemusikk. Han las berre dei…

  • Dans med Madam Jam

    Voss idrettshall

    Dansen vil ingen ende ta på Osafestivalen 2023: Madam Jam er klare til å dra deg ut på dansegolvet laurdagskvelden! Bakgrunnen for Madam Jam er ynskjet om å utforska korleis den tradisjonelle runddansen kan få nytt liv i eit stort band og med spennande instrumentering. Såleis er både banjo og dobro med i lydbiletet, i…

  • Sundagsbrunsj med Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Perfekt start på festivalsundagen! Ta med deg gode vener på sundagsbrunsj i gamlekinoen og opplev irske Caoimhín Ó Raghallaigh på 10-strengs Hardanger d’amore og Mick O’Brien på uilleann pipe (irske sekkepipe). Dei irske pipene har ein mjukare klang enn dei skotske. På scena nyttar Mick ei sekkepipe med ei ekstra A/G drone. I tillegg spelar…

  • Folkemusikkgudsteneste med Håkon Asheim

    Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, Norway

    Folkemusikkmessa under Osafestivalen har blitt ein tradisjon. Årest folkemusikkmesseartist er Håkon Asheim. Velkomen! Arrangør: Kyrkja på Voss

  • Jo Asgeir Lie i Kapellankåken

    Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

    Rektoren ved Ole Bull Akademiet heilt åleine. I finaste Kapellankåken. Det er ikkje ofte Jo Asgeir Lie spelar solokonsertar. Difor er det sjølvsagte ekstra stas å få høyre han solo på årets festival. I tillegg til å vere pedagog, komponist og arrangør, har Kvarts vore ein sentral del av virket hans som utøvar. Med Kvarts…

  • UngOsa familiekonsert

    Voss idrettshall

    Under UngOsakonserten vil dei om lag 100 aktørane på scena syna fram song, dans og spel. Teksten som vev konserten saman er skriven av forfattar Ruth Lillegraven i samarbeid med nokre av UngOsadeltakarane. Gled dykk! UngOsa er eit samarbeid med Hardingfela.no Billett: Festivalpass, festivalpass ungosa (gjeld familiekonsertar laurdag og sundag), dagskort sundag eller enkeltbillett Enkeltbilletten…

  • Urtonen: Kirsten Bråten Berg i Kapellankåken

    Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, Norway

    Velkomen til årets urtonekonsert i Kapellankåken med Kirsten Bråten Berg. Få, om nokon, kan fleire folketonar, folkeviser, balladar og stev enn Bråten Berg. Ein solokonsert med ho er ei reise gjennom hundreåra med dei vakraste tonar du kan tenkja deg. I programposten Urtonen har Osafestivalen tidlegare presentert nokre av våre aller eldste instrument, som til…

  • HABA HABA – LILLEBJØRN NILSEN SINE BARNEVISER

    Voss idrettshall

    Tidleg på 1970-talet skapte Lillebjørn Nilsen eit eige univers med barnesongane sine. Songar som ofte var baserte på strukturen Lillebjørn fann i folkevisene. Songar med underfundige og morosame tekstar, som ungane elska og som ofte hadde ein moral som i alle fall dei vaksne fekk med seg. Då festivalsjef Ida sysla med tankar rundt familiekonserten…

  • Unamna – Løvlid/Hytta/Nyhus

    Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, Norway

    NB! KONSERTEN ER FLYTTA FRÅ OSASALEN TIL VANGSKYRKJA Tradisjonelt, nyskapande og spennande! Opplev nye versjonar av Edvard Griegs 19 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Bak albumet "Unamna – folkeviser ved Løvlid/Hytta/Nyhus" finn me trioen Unni Løvlid (song), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (flygel og trøorgel). Trioen stakk av med…

  • Liv Bernhoft Osa & Knut Hamre: Fela og spelemannen

    Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

    Gravensar og meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa kjem til årets festival med slåttespel, tekstar og historier som knyter band til store og små hendingar i Olav H. Hauge sitt liv. Språket er utan tvil noko av det som gjer Olav H. Hauge til ein så særmerkt og omtykt diktar, både når det…

  • Horta: Elias Akselsen, Stian Carstensen & Ola Kvernberg

    Voss idrettshall

    I slutten av oktober -22 gav trioen Elias Akselsen, Stian Carstensen og Ola Kvernberg ut albumet Horta. Eitt år etter er dei klare for å sleppa sine magiske tonar laus på Osapublikummet. Har du ein gong vore på konsert med Elias Akselsen gløymer du det aldri. Oldebarnet til taterkongen Stor-Johan er fødd på vegen og…

  • Spring – kurs i folkedans for nybyjarar

    Ungdomshallen

    Kom i form til Osafestivalen og bli med på nybyrjarkurs i folkedans i Voss Ungdomshall kl.18-18:50 tirsdagane i veke 38, 39 og 40, dvs. 17. september, 24. september og 1. oktober, hausten 2024. Instruktørar: Astri Sudmann og Arne Anderdal Pris: samla pris for dei tre kveldane kr. 300,- Påmelding ved oppmøte Kurset er eit samarbeid…

  • Opning av festivalutstillinga – ny tid

    Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, Norway

    MERK: ny tid 17.00 Thomas Iversen (f.1985) er biletkunstnar og kunsthandverkar og har master i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo i 2019. Iversen jobbar med materiale som på ulike måtar har tilknyting tilstad og som fortel historier som kastar lys over ulike aspekt ved det samfunnet vi lever i. Dei siste åra…

  • Introfolk

    Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

    Introfolk er eit springbrett, i regi av FolkOrg, for lovande tradisjonsutøvarar som er i startgropa av karriera si. Seks av dei utvalde møtast på Osafestivalen for fyrste IntroFolk-konsert. Ein jury vel ut tre av artistane som skal vidare til Introfolk-finalen under Folkelarm i november. Martin Steinum Brun – song
 Andrea Søgnen - langeleik 
Åsmund A. Farstad - fele/hardingfele 
 Vera Sonne - song …

  • Festivalvorspiel med Erlend Viken trio

    Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, Norway

    Festivalvorspiel med platesleppkonsert og jam! Med el-gitar og kontrabass på laget, serverer Erlend Viken både eit nytt lydbilete og ein musikk som, med basis i norsk folkemusikk, tek opp i seg inspirasjon frå så vel ørkenblues og rock som improvisert musikk i jazzlandskapet. Energien og spelegleda har for lengst sikra dei ein stor tilhengjarskare både…

  • Stikk innom: Strengjarhaugen spelemannslag

    Voss Sparebank Vangsgata 18, Voss, Norway

    Framtidas folkemusikarar utmerker seg med høgt utøvande nivå og sterk tradisjonskjensle, samtidig som kreativiteten blomstrar! Iselin Aukrust, fele/vokal Solveig Eide Grønningsæter, fele Semon Harerusten, gitar/mandolin Ivar Blekastad Haugen, trekkspel Synne Kjøk, fele/vokal Robin Morken, fele Ånund Meberg Myhren, munnharpe/dans Siri Nordgård, toradar Steinar Odde, gitar/trekkspel Emma Sandseter-Selen, trekkspel Ragna Valde Sletten, fele Silja Lid Strysse,…

  • Stikk innom: Demenskoret syng lokale folkeviser

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Etter inspirasjon frå tv-serien Demenskoret, vart Voss Demenskor skipa i september 2023 etter initiativ frå Voss Røde Kors og Voss demensforening. Frivillige frå Røde Kors Omsorg stiller opp som medsongarar, vaffelsteikarar og kaffikokarar på kvar øving. Denne gode gjengen, med Solfrid Himle som musikalsk leiar, må du berre få med deg! Alle stikk-innom konsertane er…

  • Stikk innom: Folque50 lyden av vinyl. Gro Holm møter Jørn Jensen

    Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, Norway

    Så godt som på dagen 50 år etter at plata Folque var ferdig innspelt, feirar me den legendariske plata! NRK journalist Gro Holm, som voks opp med folkemusikk og dans, skal intervjua eit av originalmedlemmene i Folque, Jørn Jensen. Jensen kjem med historiar om tida han var del av, om prosessen rundt innspelinga og kvar…

  • Hans, Jo!

    Vangsgryto Miltzowsgate 2, Norway

    Hans & Jo likar å leika. Saman lagar dei det musikalske landskapet etter kvart som musikken skrir fram. Slåttane er stort sett sjølvlaga, men det dukkar også opp tradisjonelle slåttar frå Tolga, Trøndelag og frå grenselandet mot Sverige og Finland. Hans, Jo! er årets ungdomskonsert! Etter konserten vert til JAM-WOKRSHOP for alle ungdommar! Bli med!…

  • Dextraførespel – unge utøvarar møter Erlend Apneseth

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Unge hardingfeleutøvarar frå Voss, Granvin og Ulvik har gjennom Dextra Musica si satsing på unge utøvarar hatt workshops med felespelaren Erlend Apneseth der dei mellom anna har hatt fokus på lyarslåttar i samspel, slåttar på huldrestille, samt improvisasjon og ei friare tilnærming til folkemusikken. No er dei klare for å vise festivalpublikummet noko av det…

  • Synnøve Plassen feat. Norbakken/Røine

    Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, Norway

    Synnøve Brøndbo Plassen har på kort tid vorte ein av dei mest etterspurde unge folkemusikarane i landet. No har ho slått lag med perkusjons-trollmannen Helge Norbakken og strengeleikaren Anders Røine. Trioen har sett saman kjende og ukjende slåttar, vridd og vend på dei, og akkompagnert av så vel gitar som munnharpe og langeleik, byr dei…

  • UngOsa helgekurs

    Voss vandrarheim Peter Bondes veg 40, Voss, Norway

    Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Me ønskjer velkomen til UngOsa for 9. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til…

  • Knut Buen opnar Osafestivalen

    Voss idrettshall

    Knut Buen er ikkje berre sjølve bautaen mellom nolevande hardingfelespelarar, han er òg folkeminnesamlar, komponist, rosemålar, skribent og ikkje minst er han ein forteljar av guds nåde. Det er i år 30 år sidan Knut Buen gjesta Osafestivalen fyrste gongen. Opningsnummer Voss Spelemannslag HEKATE – vokal Torkjell Lunde Børsheim – halling Anders Røine – munnharpe…

  • Gjermund Larsen & Trondheimsolistene

    Voss idrettshall

    Gjermund Larsen og Trondheimsolistene har spelt saman i ei årrekke, og har mellom anna motteke to Spellemann- prisar og ein Grammy-nominasjon for samarbeidet sitt. Årets opningskonsert ligg i skjeringspunktet mellom klassisk og folkemusikk, og me får mellom anna atthøyr med Gjermund sitt fyrverkeri av eit tingingsverk til Osafestivalen 2010, Osasuiten. Gled dykk! Utdeling av Voss…

  • John Mathis Utsi solo joik

    Voss idrettshall

    John Mathis tek oss inn i eit heilt eige joikeunivers. Utsti har vunne Sámi Grand Prix begge gongane han har vore med. Opplev den eldste joiketradisjonen av ein av våre fremste joikeformidlarar! Høgtid! Billett: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten. Denne konserten er støtta av Sametinget…

  • Silje Hegg solo seljefløyte

    Voss idrettshall

    Silje Hegg er ein av dei fremste utøvarene me har på seljefløyte. Silje har bakgrunn i folkemusikk- orkesteret «Blåmann Blåmann» og har vunne landskappleiken på fløyte heile fire gonger. Ver så god – rått solospel på seljefløyte med Silje Hegg! Konsertlengde: 10 minutt Billett: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Scroll To Top