Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Festivalvorspiel med Erlend Viken trio

24. oktober kl 19:30

Festivalvorspiel med platesleppkonsert og jam! Kan det bli betre? Erlend Viken trio har med seg ei rykande fersk plate til Voss – me gler oss til å høyre kva retning Viken & Co no tek.

Felespelaren Erlend Viken likar å gå stadig nye vegar. Med el-gitar og kontrabass på laget, presenterer han både eit nytt lydbilete og ein musikk som, med basis i norsk folkemusikk, tek opp i seg inspirasjon frå så vel ørkenblues og rock som improvisert musikk i jazzlandskapet.

Energien og spelegleda har for lengst sikra dei ein stor tilhengjarskare både innanfor og utanfor landegrensene. For som Adresseavisen skriv: «Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues».

¨Kraften i samspillet skaper musikk som går over i det geniale¨ Bladet folkemusikk

¨här finns låtar som platsar på vilken best-of-spellista som helst¨ Lira

Etter konserten vert det jam. Ta med instrumentet ditt og hiv med deg!

Billettar: For denne konserten gjeld festivalpass eller enkeltbillett. I sal på TicketCo

Detaljar

Dato
24. oktober
Tid:
19:30

Stad

Tre Brør Bar
Vangsgata 28
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart