Hans, Jo!
Gratis for alle ungdommar! Har du festivalpass, kjem du inn ved ledig kapasitet
Hans & Jo likar å leika. Saman lagar dei det musikalske landskapet etter kvart som musikken skrir fram. Slåttane er stort sett sjølvlaga, men det dukkar også opp tradisjonelle slåttar frå Tolga, Trøndelag og frå grenselandet mot Sverige og Finland. Hans, Jo! er årets ungdomskonsert!
Etter konserten vert til JAM-WOKRSHOP for alle ungdommar! Bli med!
Hans Hulbækmo – kalebass, tamburin, munnharpe og diverse perkusjon
Jo Einar Tobias Sterten Jansen – fele, oktavfele, sang og strykeharpe
I samarbeid med ungdomklubben GRYTO