Lastar Hendingar

Stikk innom: Folque50 lyden av vinyl. Gro Holm møter Jørn Jensen

Folque50 web(2)
fre 25. okt 2024
15:00

Billettar

Denne konserten er gratis! Kom tidleg for å sikre deg plass!

Så godt som på dagen 50 år etter at plata Folque var ferdig innspelt, feirar me den legendariske plata! NRK journalist Gro Holm, som voks opp med folkemusikk og dans, skal intervjua eit av originalmedlemmene i Folque, Jørn Jensen. Jensen kjem med historiar om tida han var del av, om prosessen rundt innspelinga og kvar dei henta inspirasjon i frå. Seansen vert sjølvsagt krydra med vinyllytting.

Folque er det sjølvtitulerte debutalbumet til ei av dei mest legendariske folkbanda me har hatt her oppe på berget! Gjengen starta opp som visegruppa “Brød og Vin”, men bytta navn til Folque i 1974, og sto no fram som folkrockband, djupt inspirert av m.a. Fairport Convention, Steeley Span og Richard Thompson. Dei vekte oppsikt rundt i det ganske land, og bandet har mykje av æra til at britisk folkrock fekk så godt fotfeste her i landet.

Plata er innspelt på tre dagar i Rosenborg Studio, med Øystein Sunde som produsent. Folque, som på den tid besto av Lisa Heljesen, Trond Villa, Morten Bing, Jørn Jensen, Eilif Amundsen og Trond Øverland, fekk med seg Øystein Sunde på nokre låtar, og ikkje minst Thor Andreassen frå Popol Ace på trommer.

Med:
Gro Holm
Jørn Jensen

Arrangementet er gratis. Få plassar! Kom tidlig for å sikre deg plass.
Arrlengde: 50 min.