Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Knut Buen opnar Osafestivalen

25. oktober kl 18:30

Det er ikkje berre sjeldne jordarter og mineral som kjem frå Telemark. Fylket har også fostra ein av dei sjeldnaste plantane i den norske folkemusikkfloraen. Knut Buen er ikkje berre sjølve bautaen mellom nolevande hardingfelespelarar, han er er også folkeminnesamlar, komponist, rosemålar, skribent og mykje, mykje meir. Og ikkje minst er han ein forteljar av guds nåde. Og den gåva tek han nok i bruk når han no skal opna jubileumsfestivalen!

Det er i år 30 år sidan Knut Buen, som rundar 76 år torsdagen etter festivalen, gjesta Osafestivalen fyrste gongen. Sidan har han vore musikar og gjest ved fleire høve. Som ein av dei næraste venene til Leif Rygg, kjenner han Voss og vossingane gjennom tallause møte.

Knut Buen – festivalopnar /hardingfele

Opningsnummer
Torkjell Lunde Børsheim – hallingdans
HEKATE – vokal

Billett: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag

Detaljar

Dato
25. oktober
Tid:
18:30

Stad

Voss idrettshall