Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Synnøve Plassen feat. Norbakken/Røine

25. oktober kl 16:30

Synnøve Brøndbo Plassen har på kort tid vorte ein av dei mest etterspurde unge folkemusikarane i landet. Og det vert ikkje akkurat verre av at ho no har slått lag med perkusjons-trollmannen Helge Norbakken og strengeleikaren Anders Røine. Begge to kjende frå fleire tidlegare festivalar på Voss – både Osafestivalen og Vossa Jazz. Trioen har sett saman kjende og ukjende slåttar, vridd og vend på dei, og akkompagnert av så vel gitar som munnharpe og langeleik, vert dette ein konsert for dei store massane. Med musikk frå både vår eigen folkekultur og frå langt fjernare strender.

Synnøve Brøndbo Plassen – vokal
Anders Erik Røine – gitar, munnharpe, langeleik
Helge Norbakken – trommer, perkusjon

Billett: For denne kosnerten gjeld festivalpass eller enkeltbillett. I sal på TicketCo Eit avgrensa tal plassbillettar ligg ute for sal til denne konserten (gjeld for deg med festivalpass)

«Dextraførespel» kl.16.15 med unge utøvarar & Erlend Apneseth. Plassen/Nordbakken/Røine går på 16.30. Det er ikkje pause mellom førespelet og konserten, så me ber om at folk er på plass i lokalet når førespelet startar 16.15

Detaljar

Dato
25. oktober
Tid:
16:30

Stad

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart