Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Gjermund Larsen & Trondheimsolistene

25. oktober kl 19:00

Gjermund Larsen & Trondheimsolistene kjem med eit fyrverkeri av ein opningskonsert i Voss idrettshall fredagskvelden! Gjermund Larsen er utan tvil ein av dei største folkemusikkutøvarane vi har. Han har ei heilt spesiell kobling til Voss som tidlegare student ved Ole Bull akademiet og som artist på Osafestivalen ved fleire høve opp igjennom åra. Det er difor stort å kunne ønskje Gjermund Larsen & Trondheimsolistene velkomne til Osafestivalen sitt 30-årsjubileum

Larsen har i fleire år hatt eit samarbeid med TrondheimSolistene. Ikkje minst har dei helde nyttårskonsertar i lag. På etterjolsvinteren la samarbeidspartnarane ut på ein ny turné i lag. Ein konsert med Gjermund Larsen og TrondheimSolistene er ei blanding av musikk frå det meir klassiske repertoaret og musikk Larsen har komponert. Og både i den klassiske delen og i dei originalskrivne melodiane ligg den norske folkemusikken tydeleg og klart i botn.

Billettar til denne konserten: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag i sal på TicketCo.

Detaljar

Dato
25. oktober
Tid:
19:00

Stad

Voss idrettshall