Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Stikk innom: Demenskoret syng lokale folkeviser

25. oktober kl 13:30

Etter inspirasjon frå tv-serien Demenskoret, vart Voss Demenskor skipa i september 2023. Voss Røde Kors og Voss demensforening tok saman initiativ til oppstarten av koret. I samarbeid med Voss herad vart Solfrid Himle engasjert som dirigent og musikalsk leiar. Frivillige frå Røde Kors Omsorg stiller opp som medsongarar, vaffelsteikarar og kaffikokarar på kvar øving. Koret med sine førebels 12 songarar øver kvar veke og samhaldet er sterkt. Dei har hatt éin konsert til no.
Demenskor er eit ledd i å drive opplysningsarbeid om demenssjukdom, og bygge ned negativ omtale om sjukdommen.
Det er plass til mange fleire i koret, så dette er berre starten!

Alle stikk-innom konsertane er gratis

Detaljar

Dato
25. oktober
Tid:
13:30

Stad

Gamlekinoen Foajé
Skulegata 15
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart