Meistertimen: Tom Willy Rustad møter Kristoffer Kleiveland & Ingrid Standal Sørheim
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayKva er det «å gå i lære» hjå nokon? Korleis overleverer ein tradisjonar, kunnskap og teknikk i praksis? I Osa-programposten Meistertimen får publikum koma tett på denne kunnskaps- og tradisjonsoverleveringa. Gjennom samtale, utprøving og spel mellom meister og elev får du sjå og høyra korleis ny kunnskap og nye måtar å forstå og framføra musikken…
Stikk innom: Hamre/Farsethås
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwayMeisterspelemannen Knut Hamre frå Granvin tek med seg hardingfeleeleven Halvor Heierland Farsethås til foajéen i Gamlekinoen. Ti år gamle Halvor byrja å spele hardingfele med Johanne Mjøs då han var fem. Han spelte også med Alexander Aga Røynstrand då han gjekk i kulturskulen. No er Halvor elev hjå Knut Hamre. Dei to møtast for spel…
Osarebus med folkeklang
Tintrabrua Russarvegen, Voss, NorwayÅrets nye tilbod på Osafestivalen er OSAREBUS – ein rebus for born i alle aldrar. Starten går frå Tintrabrua, og på vegen gjennom Prestegardsmoen finn deltakarane postar. Her dukkar det kanskje opp unge spelejenter og -gutar, eller det heng eit instrument eller to du kan ta på og høyra lyden i. Veit du kva instrument…
Annlaug Børsheim spelar slåttar frå Ulvik
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwayNår Annlaug Børsheim entrar scena på Osafestivalen, gjer ho det for å gje publikum noko ho ikkje har gjeve dei på mange år. – Eg skal halda ein solo hardingfelekonsert, og det er jammen mange år sidan sist! Og når hardingfela er einaste instrumentet, kva er då meir naturleg for ulvikjen Annlaug enn å spela…
Instrumentmakarar i aksjon – familieverkstad
Voss bibliotek Evangervegen 6, Voss, NorwayInstrumentmakarane inntek Voss bibliotek festivalaurdagen! Sjå korleis konservator Wiebke Lüders, gitar- og fiolinmakar Lukas Pawelka og fløytemakarane Stein Villa og Steinar Ofsdal arbeider! Du kan også prøve deg som instrumentmakar! Heilt sidan 2004 har Ole Bull Akademiet, der Osafestivalen held til, drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Her arbeider både Wiebke…
Stikk innom: Småkvedarane møter Jo Asgeir Lie
Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, NorwayStrendingen Ellen Marie Selland Geithung har siste året hatt sju born i alderen 6-10 år med seg i Småkvedarane. Nokre har alt fleire år i sekken, medan andre har gått over frå tilbodet Nøringen til Småkvedarane. Dei sju unge kvedarane har fått prøva scenelivet ved fleire høve, men no er det eit musikalsk møte med…
Prøv deg! Lynkurs i slåttetromme
Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, NorwayVil du lære ein trommeslått? Åsmund tek med trommer og slagverk, og lærer bort bryllupsslåttar frå trommetradisjonen i Hordaland. Høver for born. Kursleiar: Åsmund Soldal Inngang: Gratisbillett på TicketCo NB! Få plassar - førstemann til mølla
Årets Osamæle: Tradisjon, takt & tone
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayLokale stiltrekk og speltradisjonar i møte med ei ny tid Korleis vert tradisjonar som til dømes telemarkspel og valdresspel haldne vedlike og utvikla i møte med samtida vår? Korleis ser utøvarane på si eiga rolle som tradisjonsberarar? Korleis utviklar tradisjonsmusikken seg og korleis tek vi vare på særtrekka og kvalitetane i tradisjonen, ikkje minst i…
Stikk innom: G-belgane
UngdomshallenHausten 2022 sette Rannveig Djønne i gang ei ny gruppe med 14 unge toraderspelarar frå Granvin. Alt i sitt fyrste år har gjengen som ber namnet G-belgane opptredd både i heimbygda, i Ulvik og på Evanger. Og i fylje Rannveig, gler dei seg no hankalaust til å få syna Osapublikummet kva dei kan. Alle stikk-innom…
Ungdomskonserten: Sliteneliten
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwaySliteneliten med Synneva Gjelland, raddisrockeren og odelsjenta frå Bordalen i Voss i front, kjem til Osafestivalen 2023! Etter å ha spelt ein drøss segnomsuste konserter og gitt ut to plater smekkfulle av velvalde, hardtslåande og avslørande ord om verda anno 2020-tallet er Sliteneliten i ferd med å bli eit band som fleire og fleire får…
Dans i Ungdomshallen: Skrot
UngdomshallenEtter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Her får du servert friske arrangment og fengene melodiar, så det er berre til å finne fram danseskoa og hive deg ut i dansen! SKROT spelar ein miks av tradisjonell gamaldans og nykomponert musikk som dei lagar sjølve.…
Stikk innom: Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på hardinglutt
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayVelkomen til ei verdspremiere! Tom Willy Rustad spelar vestlandsslåttar på ein hardinglutt - eit instrument som såg dagens ljos i mai 2023. Det er Lars Tørresen og Lukas Pawelka som har laga dette fantastiske instrumentet! - Det som er litt rart er at sjølv om instrumentet er heilt nytt, er det som om det alltid…
Høgemo/Solberg/Mjølsnes – RUNDDANSSLÅTTAR ETTER OLA MOSAFINN, SJUR HELGELAND MED FLEIRE
UngdomshallenEtter fjorårets suksess med middagsdansen, køyrer vi på med heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen på dagtid festivallaurdagen. Dei tre Vestlands-felespelarane Håkon Høgemo, Silje Solberg og Einar Mjølsnes er glade i å dykka ned i skattekister for å leita fram gamle slåtteperler. På Osafestivalen presenterer dei ein trestemt dansespelkonsert med runddansslåttar etter storspelemenn som Ola Mosafinn,…
Odde/Bratås: Skurken på dansegolvet
UngdomshallenKlar for siste av heile tre dansekonsertar i Ungdomshallen? Duoen Skurken på dansegolvet, med Pål Bratås på durspel og trekkspel og Steinar Odde vokal og gitar, leverer sin heilt eigne versjon av runddans. Låtane skriv dei sjølve, men taktarter og tonalitet ligg stort sett trygt planta i den norske folkemusikken. Etter mykje øving og moro,…
Akustisk og ufiltrert: Økland x 2 møter Pål Jackman, Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh
Nain Gymnasvegen 4, Voss, NorwayBak laurdagskonserten i Nain ligg eit snart 20-årig samarbeid. Den irske felespelaren Caoimhín Ó Raghallaigh jakta på ei hardingfele, og kameraten Mick O’Brien – som spelar irsk sekkepipe, tipsa Caoimhín om Nils Økland. Torbjørn Økland og Mick O’Brien er også gamle kjenningar frå tida med Vamp. No kjem dei til Voss med ein storstilt konsert…
Ragna V. Sletten & Vegard Hansen: Slåttar frå Nordmøre og Ottadalen
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwayRagna V. Sletten & Vegard Hansen piskar opp kveldsstemninga i Gamlekinoen med slåttar frå Nordmøre og Ottadalen! Dette vert garantert go'stemning! Ragna V. Sletten - fele Vegard Hansen - trekkspel Inngang: Festivalpass, dagspass eller enkeltbillett til "Sudan Dudan kvartett". Dette er et førespel og det vert difor ikkje selt enkeltbillettar til denne programposten. Foto: Thor…
Sudan Dudan med Meisfjord og Opheim
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwayEtter fire plater og 20 år som duo, tykte kanskje Marit Karlberg og Anders Røine det var på tide å utvida Sudan Dudan til kvartett.Med seg på laget har dei fått Sondre Meisfjord (bass) og Kåre Opheim (perkusjon) Å skildra musikken til Sudan Dudan er ikkje heilt enkelt. Gabriel Fliflet seier at «Sammen skaper Marit…
Osa heile livet: Solskinn og sang med Kari Svendsen & Steinar Ofsdal
Sosialbygget 3. etg Miltzows Gata 2, 5700, NorwayOSA HEILE LIVET er nytt av året. Her gjev festivalen deg konsertar som treffer menneske i alle fasar av livet, og duoen som har fått æra av å opna ballet er ingen ringare enn «Banjo-Kari» Svendsen og Steinar Ofsdal. – Kari sa ja på strak arm! seier ein oppglødd Ofsdal. Og han lovar ein konsert…
Mat, musikk og vin: Gjermund Larsen trio + Mat frå «BARE» & vin frå kjellaren
Park Hotel Uttrågata 3, Voss, NorwayVi feirer 20 år med "Mat, musikk og vin" og gler oss stort over at Gjermund Larsen trio er årets musikalske vertskap! Vakrare tonefylgje til måltidet enn det Gjermund og hans to medmusikarar har skapt på albumet Tøyen Sessions – eit abum dei slepper på Riksscenen ei veke før festivalen – skal du leita lenge…
Daniela Reyes med band
Voss idrettshallÅrets festival utforskar møtet mellom folkemusikken og visesongen, og laurdagekvelden startar med Daniela Reyes sine litt skjøre og vindskeive viser. Reyes tok publikum og presse med storm då ho debuterte med albumet Engangsdager i 2021. Kombinasjonen av ei heilt spesiell stemme, eit eineståande tekstskrivartalent og eit stillferdig komp på trekkspel og gitar gav henne Spellemannsprisen…
Alexander Aga Røynstrand
Voss idrettshallRøynstrand vann Landskappleiken i hardingfele klasse A både i 2019 og i 2022 – den siste vinnaren før pandemien tok oss, og den fyrste etter at landet opna opp att. Gravensaren er ein av dei store meistrane på hardingfele, både som dansespelemann og som konsertmusikar. Varighet: 20-30 min. Billettar: Festivalpass, dagspass laurdag eller huskort laurdag…
Øystein Sunde & Meget i Sløyd med gjester Einar Mjølsnes & Kirsten Bråten Berg
Voss idrettshallEin konsert med Øystein Sunde er like deler musikalsk og verbal galskap – i beste og mest positive tyding av ordet. Og det vert ikkje mindre moro når Øystein går attende til eigen oppvekst, der interessa for folkemusikken vakna. – Eg er oppvaksen med ein far som var glad i folkemusikk. Han las berre dei…
Dans med Madam Jam
Voss idrettshallDansen vil ingen ende ta på Osafestivalen 2023: Madam Jam er klare til å dra deg ut på dansegolvet laurdagskvelden! Bakgrunnen for Madam Jam er ynskjet om å utforska korleis den tradisjonelle runddansen kan få nytt liv i eit stort band og med spennande instrumentering. Såleis er både banjo og dobro med i lydbiletet, i…
Sundagsbrunsj med Mick O’Brien & Caoimhín Ó Raghallaigh
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwayPerfekt start på festivalsundagen! Ta med deg gode vener på sundagsbrunsj i gamlekinoen og opplev irske Caoimhín Ó Raghallaigh på 10-strengs Hardanger d’amore og Mick O’Brien på uilleann pipe (irske sekkepipe). Dei irske pipene har ein mjukare klang enn dei skotske. På scena nyttar Mick ei sekkepipe med ei ekstra A/G drone. I tillegg spelar…
Folkemusikkgudsteneste med Håkon Asheim
Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, NorwayFolkemusikkmessa under Osafestivalen har blitt ein tradisjon. Årest folkemusikkmesseartist er Håkon Asheim. Velkomen! Arrangør: Kyrkja på Voss
Jo Asgeir Lie i Kapellankåken
Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, NorwayRektoren ved Ole Bull Akademiet heilt åleine. I finaste Kapellankåken. Det er ikkje ofte Jo Asgeir Lie spelar solokonsertar. Difor er det sjølvsagte ekstra stas å få høyre han solo på årets festival. I tillegg til å vere pedagog, komponist og arrangør, har Kvarts vore ein sentral del av virket hans som utøvar. Med Kvarts…
UngOsa familiekonsert
Voss idrettshallUnder UngOsakonserten vil dei om lag 100 aktørane på scena syna fram song, dans og spel. Teksten som vev konserten saman er skriven av forfattar Ruth Lillegraven i samarbeid med nokre av UngOsadeltakarane. Gled dykk! UngOsa er eit samarbeid med Hardingfela.no Billett: Festivalpass, festivalpass ungosa (gjeld familiekonsertar laurdag og sundag), dagskort sundag eller enkeltbillett Enkeltbilletten…
Urtonen: Kirsten Bråten Berg i Kapellankåken
Kapellankåken Ullestadvegen 10, Voss, NorwayVelkomen til årets urtonekonsert i Kapellankåken med Kirsten Bråten Berg. Få, om nokon, kan fleire folketonar, folkeviser, balladar og stev enn Bråten Berg. Ein solokonsert med ho er ei reise gjennom hundreåra med dei vakraste tonar du kan tenkja deg. I programposten Urtonen har Osafestivalen tidlegare presentert nokre av våre aller eldste instrument, som til…
HABA HABA – LILLEBJØRN NILSEN SINE BARNEVISER
Voss idrettshallTidleg på 1970-talet skapte Lillebjørn Nilsen eit eige univers med barnesongane sine. Songar som ofte var baserte på strukturen Lillebjørn fann i folkevisene. Songar med underfundige og morosame tekstar, som ungane elska og som ofte hadde ein moral som i alle fall dei vaksne fekk med seg. Då festivalsjef Ida sysla med tankar rundt familiekonserten…
Unamna – Løvlid/Hytta/Nyhus
Vangskyrkja Bergsliplassen 1, Voss, NorwayNB! KONSERTEN ER FLYTTA FRÅ OSASALEN TIL VANGSKYRKJA Tradisjonelt, nyskapande og spennande! Opplev nye versjonar av Edvard Griegs 19 norske folkeviser, Opus 66, i eigne, heilt særprega versjonar. Bak albumet "Unamna – folkeviser ved Løvlid/Hytta/Nyhus" finn me trioen Unni Løvlid (song), Anne Hytta (hardingfele) og Ingfrid Breie Nyhus (flygel og trøorgel). Trioen stakk av med…
Liv Bernhoft Osa & Knut Hamre: Fela og spelemannen
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayGravensar og meisterspelemann Knut Hamre og skodespelar Liv Bernhoft Osa kjem til årets festival med slåttespel, tekstar og historier som knyter band til store og små hendingar i Olav H. Hauge sitt liv. Språket er utan tvil noko av det som gjer Olav H. Hauge til ein så særmerkt og omtykt diktar, både når det…
Horta: Elias Akselsen, Stian Carstensen & Ola Kvernberg
Voss idrettshallI slutten av oktober -22 gav trioen Elias Akselsen, Stian Carstensen og Ola Kvernberg ut albumet Horta. Eitt år etter er dei klare for å sleppa sine magiske tonar laus på Osapublikummet. Har du ein gong vore på konsert med Elias Akselsen gløymer du det aldri. Oldebarnet til taterkongen Stor-Johan er fødd på vegen og…
Spring – kurs i folkedans for nybyjarar
UngdomshallenKom i form til Osafestivalen og bli med på nybyrjarkurs i folkedans i Voss Ungdomshall kl.18-18:50 tirsdagane i veke 38, 39 og 40, dvs. 17. september, 24. september og 1. oktober, hausten 2024. Instruktørar: Astri Sudmann og Arne Anderdal Pris: samla pris for dei tre kveldane kr. 300,- Påmelding ved oppmøte Kurset er eit samarbeid…
Opning av festivalutstillinga – ny tid
Voss Kulturhus Evangervegen 6, Voss, NorwayMERK: ny tid 17.00 Thomas Iversen (f.1985) er biletkunstnar og kunsthandverkar og har master i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo i 2019. Iversen jobbar med materiale som på ulike måtar har tilknyting tilstad og som fortel historier som kastar lys over ulike aspekt ved det samfunnet vi lever i. Dei siste åra…
Introfolk
Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, NorwayIntrofolk er eit springbrett, i regi av FolkOrg, for lovande tradisjonsutøvarar som er i startgropa av karriera si. Seks av dei utvalde møtast på Osafestivalen for fyrste IntroFolk-konsert. Ein jury vel ut tre av artistane som skal vidare til Introfolk-finalen under Folkelarm i november. Martin Steinum Brun – song Andrea Søgnen - langeleik Åsmund A. Farstad - fele/hardingfele Vera Sonne - song …
Festivalvorspiel med Erlend Viken trio
Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, NorwayFestivalvorspiel med platesleppkonsert og jam! Med el-gitar og kontrabass på laget, serverer Erlend Viken både eit nytt lydbilete og ein musikk som, med basis i norsk folkemusikk, tek opp i seg inspirasjon frå så vel ørkenblues og rock som improvisert musikk i jazzlandskapet. Energien og spelegleda har for lengst sikra dei ein stor tilhengjarskare både…
Stikk innom: Strengjarhaugen spelemannslag
Voss Sparebank Vangsgata 18, Voss, NorwayFramtidas folkemusikarar utmerker seg med høgt utøvande nivå og sterk tradisjonskjensle, samtidig som kreativiteten blomstrar! Iselin Aukrust, fele/vokal Solveig Eide Grønningsæter, fele Semon Harerusten, gitar/mandolin Ivar Blekastad Haugen, trekkspel Synne Kjøk, fele/vokal Robin Morken, fele Ånund Meberg Myhren, munnharpe/dans Siri Nordgård, toradar Steinar Odde, gitar/trekkspel Emma Sandseter-Selen, trekkspel Ragna Valde Sletten, fele Silja Lid Strysse,…
Stikk innom: Demenskoret syng lokale folkeviser
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwayEtter inspirasjon frå tv-serien Demenskoret, vart Voss Demenskor skipa i september 2023 etter initiativ frå Voss Røde Kors og Voss demensforening. Frivillige frå Røde Kors Omsorg stiller opp som medsongarar, vaffelsteikarar og kaffikokarar på kvar øving. Denne gode gjengen, med Solfrid Himle som musikalsk leiar, må du berre få med deg! Alle stikk-innom konsertane er…
Stikk innom: Folque50 lyden av vinyl. Gro Holm møter Jørn Jensen
Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, NorwaySå godt som på dagen 50 år etter at plata Folque var ferdig innspelt, feirar me den legendariske plata! NRK journalist Gro Holm, som voks opp med folkemusikk og dans, skal intervjua eit av originalmedlemmene i Folque, Jørn Jensen. Jensen kjem med historiar om tida han var del av, om prosessen rundt innspelinga og kvar…
Hans, Jo!
Vangsgryto Miltzowsgate 2, NorwayHans & Jo likar å leika. Saman lagar dei det musikalske landskapet etter kvart som musikken skrir fram. Slåttane er stort sett sjølvlaga, men det dukkar også opp tradisjonelle slåttar frå Tolga, Trøndelag og frå grenselandet mot Sverige og Finland. Hans, Jo! er årets ungdomskonsert! Etter konserten vert til JAM-WOKRSHOP for alle ungdommar! Bli med!…
Dextraførespel – unge utøvarar møter Erlend Apneseth
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwayUnge hardingfeleutøvarar frå Voss, Granvin og Ulvik har gjennom Dextra Musica si satsing på unge utøvarar hatt workshops med felespelaren Erlend Apneseth der dei mellom anna har hatt fokus på lyarslåttar i samspel, slåttar på huldrestille, samt improvisasjon og ei friare tilnærming til folkemusikken. No er dei klare for å vise festivalpublikummet noko av det…
Synnøve Plassen feat. Norbakken/Røine
Gamlekinoen Foajé Uttrågata 9, Voss, NorwaySynnøve Brøndbo Plassen har på kort tid vorte ein av dei mest etterspurde unge folkemusikarane i landet. No har ho slått lag med perkusjons-trollmannen Helge Norbakken og strengeleikaren Anders Røine. Trioen har sett saman kjende og ukjende slåttar, vridd og vend på dei, og akkompagnert av så vel gitar som munnharpe og langeleik, byr dei…
UngOsa helgekurs
Voss vandrarheim Peter Bondes veg 40, Voss, NorwayEr du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar eller eit anna instrument som t.d. gitar? Me ønskjer velkomen til UngOsa for 9. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til…
Knut Buen opnar Osafestivalen
Voss idrettshallKnut Buen er ikkje berre sjølve bautaen mellom nolevande hardingfelespelarar, han er òg folkeminnesamlar, komponist, rosemålar, skribent og ikkje minst er han ein forteljar av guds nåde. Det er i år 30 år sidan Knut Buen gjesta Osafestivalen fyrste gongen. Opningsnummer Voss Spelemannslag HEKATE – vokal Torkjell Lunde Børsheim – halling Anders Røine – munnharpe…
Gjermund Larsen & Trondheimsolistene
Voss idrettshallGjermund Larsen og Trondheimsolistene har spelt saman i ei årrekke, og har mellom anna motteke to Spellemann- prisar og ein Grammy-nominasjon for samarbeidet sitt. Årets opningskonsert ligg i skjeringspunktet mellom klassisk og folkemusikk, og me får mellom anna atthøyr med Gjermund sitt fyrverkeri av eit tingingsverk til Osafestivalen 2010, Osasuiten. Gled dykk! Utdeling av Voss…
John Mathis Utsi solo joik
Voss idrettshallJohn Mathis tek oss inn i eit heilt eige joikeunivers. Utsti har vunne Sámi Grand Prix begge gongane han har vore med. Opplev den eldste joiketradisjonen av ein av våre fremste joikeformidlarar! Høgtid! Billett: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag. Det vert ikkje sal av enkeltbillettar til denne konserten. Denne konserten er støtta av Sametinget…
Silje Hegg solo seljefløyte
Voss idrettshallSilje Hegg er ein av dei fremste utøvarene me har på seljefløyte. Silje har bakgrunn i folkemusikk- orkesteret «Blåmann Blåmann» og har vunne landskappleiken på fløyte heile fire gonger. Ver så god – rått solospel på seljefløyte med Silje Hegg! Konsertlengde: 10 minutt Billett: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag
Folque tribute
Voss idrettshallMed Tuva Syvertsen i front, Ask Vatn Strøm og Ingvald André Vassbø fra bandet Kanaan, Linn Frøkedal og sjølvaste Geir Sundstøl som tonefølge, får vi servert perler frå katalogen til det legendariske folkrockbandet Folque! Folque starta opp i 1972 og platedebuterte med den sjølvtitulerte “Folque” i 1974. Skiva var produsert av Øystein Sunde, og var…
Gåte
Voss idrettshall20 år etter starten, står GÅTE sterkare enn nokon gong – med ein fengslande kombinasjon av tradisjonelle melodiar og elektrisk energi. Over 600 energiske konsertar i Skandinavia, fem kritikarroste album, inkludert debuten «Jygri», som vart heidra med Spelemannpris for «Årets Nykommer» var med på å etablera Gåte som ein norsk nasjonalskatt. Gjesteartist: Sjølvaste Knut Buen…
Folkesnurr med gjester
Voss idrettshallÅrets beste dansekveld for folke- musikkfrelste, dj-entusiastar og reinspikka festløver! Folkesnurr er attende med kanongode gjester, live videokunst og skattar frå samlinga: munnharpeslåttar, kulokkar og nystev, irske Hugs og reels, indisk tabla og tunge folke- beats. Folkesnurr lover som alltid utelivsstemning og eit rykande heitt dansegulv til seint på natt! Lars Finborud – DJ Anders…