Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Gåte

25. oktober kl 22:30

20 år etter starten, står GÅTE sterkare enn nokon gong – med ein fengslande kombinasjon av tradisjonelle melodiar og elektriske energi. Over 600 energiske konsertar i Skandinavia, fem kritikarroste album, inkludert debuten «Jygri», som vart heidra med Spelemannpris for «Årets Nykommer» var med på å etablere Gåte som ein norsk nasjonalskatt. Bandet som herja hitlister og festivalscener med si energiske framføring av folkemusikkbasert rock, tok ein ti år lang pause frå 2007 til -17. Og i fjor la bandet ut på ei landsomfattande signingsferd, med fulle hus over alt. No er dei klare for Osafestivalen! Gled dykk! Ein konsert med GÅTE i Voss idrettshall er ei sikker investering.

Billett: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag i sal på TicketCo. Det er ikkje enkeltbillettar til denne konserten.

Detaljar

Dato
25. oktober
Tid:
22:30

Stad

Voss idrettshall