Filmen frå Ragnarock (1973)

Voss kino

Vi ladar opp til konsert med Merit Hemmingson i Voss idrettshall laurdag kveld! BILLETTAR: https://vosskulturhus.no/kulturprogram/ Filmen er inkludert i festivalpass, dagspass eller huskort Voss idrettshall ved ledig kapasitet I år er det 49 år sidan den legendariske Ragnarockfestivalen i Holmenkollen, og festivalfilmen som dokumenterer dette spektakulære arrangementet.  Festivalen har ein heilt unik plass i norsk…

UngOsa helgekurs

Voss vandrarheim Peter Bondes veg 40, Voss, Norway

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar, trekkspel eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa! Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 7. gong! Helgesamlinga er unik i sitt…

Folkesnurr Spelemannslag – DJ, perkusjon og videokunst + halling møter break møter moderne dans

Voss idrettshall

Folkesnurr er attende etter at stemninga mildt sagt stod i taket  på dansegolvet då dei debuterte som gruppe under fjorårets festival! Overlever folkemusikken møtet med den elektroniske røyndomen? Tåler dansespel og kveding at ein DJ anno 2022 fiksar og triksar, legg på og trekkjer frå - for så å senda nyskapinga ut att gjennom høgtalaranlegget…

Lunsjkonsert i samarbeid med Voss Sparebank

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

Sarah-Jane Summers er ein av Skottlands fremste felespelarar og er ein tradisjonsberar av felestilen frå det skotske høglandet. Summers har master i norsk folkemusikk og improvisasjon frå NMH, bur i Noreg og er svært aktiv på den norske og internasjonale folkemusikkscena. I år kjem ho til Voss for å leia det årlege seminaret i førekant…

Stikk innom-konsert: folkemusikkstudentar frå Rauland

Tre Brør Bar Vangsgata 28, Voss, Norway

Folkemusikkstudenter frå Rauland kjem til Osafestivalen med eigenarrangert folkemusikk frå Hallingdal, Valdres, Setesdal og Telemark! Velkomen til gratis stikk innom-konsert på hyggelege Tre Brør! Andrea Søgnen- Langeleik Maria Vaaje- Hardingfele Neri Bakkjen- Gitar og vokal Vilde Westeng- Hardingfele Denne konserten har gratis inngang Konserten erstattar den annonserte konserten med "Atterskin" som står oppført i det…

Ungdomsworkshop: Breaking & moderne dans

Bli med på danseworkshop i ungdomsklubben Gryto med breakdansaren Andreas Roksvåg kjent fra Absence Crew og moderne danser Ane Evjen Gjøvåg! TID: 15.00-16.30 Påmelding Workshopen er gratis og open for deg mellom 13-18 år Påmelding til Gryto innan torsdag 27. oktober: kristine.akselberg@voss.herad.no Du treng ikkje å ha noko danseerfaring for å delta. Workshopen er eit…

Masterkonsertar: Johanne Mjøs og Kristoffer Kleiveland

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Fele, hardingfele og durspel står på programmet når Johanne Løkensgard Mjøs og Kristoffer Kleiveland held sine avsluttande masterkonsertar i Osasalen fredagen. Gjennom år har dei to arbeidd med, utforska og utfordra sine lokale tradisjonar; Johanne den nord-norske tradisjonsmusikken og Kristoffer durspeltradisjonen frå Vestlandet.  Dei to er ikkje åleine på scena når dei skal presentera slåttespel,…

3 x Hjeltnes Osaspesial

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

I Sprilt sin Hjeltnes-podkast inviterer dei tre brørne Arne, Knut og Sjur Hjeltnes vanlegvis til eit uhøgtidleg fredagspils-møte, der dei diskuterer stort og smått, reflekterer over det som skjer – både lokalt og ute i verda, krydra med spontane musikkinnslag. No serverer dei festivalvorspiel i Gamlekinoen med inviterte gjester og herleg folkemusikk! Rett og slett…

Arne Hjeltnes opnar Osafestivalen

Voss idrettshall

Arne er ein av dei mest kjende og kjære mediefigurane i landet, ikkje minst frå sine tallause turar med meisterkokk Brimi og langrennskjendisar. Vi gler oss stort til Arne Hjeltnes opnar årets Osafestival (Gro Holm som tidlegare er annonsert, har diverre måtte melde avbud). Billettar til fredag kveld i Voss idrettshall: Festivalpass eller huskort Voss…

Annbjørg Lien & Catriona Macdonald med vener

Voss idrettshall

Annbjørg og Catriona har vore vener og musikalske sjelesystrer heilt sidan barndomen. Dei møttest då shetlandske Catriona kom til Ålesund saman med The Young Heritage og Tom Anderson. Det vart starten på ein venskap og eit nært samarbeid, både på og utanfor scena. Eit samarbeid som i 1998 resulterte i String Sisters, som samla dei leiande…

Tuva Syvertsen

Voss idrettshall

Alle som har opplevd Tuva Livsdatter Syvertsen på scena veit at ho skapar magi med fela og røysta som einaste verkemiddel. Tuva solo er 20 magiske minutt på intimscena i Voss idrettshall fredag kveld. Gled dykk! Med: Tuva Syvertsen Billettar i sal på TicketCo: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag Foto: Knut Utler   https://www.youtube.com/watch?v=CW2uWtbLcIo

Christoph Sietzen

Voss idrettshall

Når ein multiperkusjonist som Christoph Sietzen lovar å slå seg laus, kan ein venta seg det meste. Heilt sidan han 12 år gammal debuterte på Salzburg Festival og like godt stakk av med prisen i ARD International Music Competition, har Christoph Sietzen vore ein favoritt hjå kritikarar frå heile verda. Han er fødd i Salzburg,…

Antti Paalanen

Voss idrettshall

I fylgje rykta, vekslar den finske trekkspelaren Antti Paalanen mellom å sjarmera deg og skremma livet av deg. "Når han brøler ut namnet på den neste songen med si finske death-metalrøyst, medan han set dei drue-bleike augo i deg, anar du ikkje om han vil gje deg ein song som får deg til å frysa…

Gangar

Voss idrettshall

Er du klar for ein folkemusikkfest av nye dimensjonar? Folkrockbandet Gangar er ei kule av ung energi du seint vil gløyme! I kombinasjon med alt fra Rockabilly til Djentrock vert tradisjonelle slåttar og stev kledde i ny “rocka” drakt, for eit ungt og energisk musikkutrykk. Inspirert av band som Hoven Droven, Shining, AC/DC og Meshuggah…

Prøv deg! Lynkurs i song med Synnøve Brøndbo Plassen

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Ta med stemma og noko å skriva på og bli med på lynkurs i song med Synnøve Brøndbo Plassen! Synnøve…

Prøv deg! Lynkurs i seljefløytespel med Steinar Ofsdal

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Mange har nok prøvd seg på å lage og spele seljefløyte i løpet av livet, men det er ikkje mange…

Prøv deg! Lynkurs i song med Berit Opheim

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Går du rundt med ein hemmeleg draum om å meistra eit tradisjonsinstrument, utvikle songstemma di eller lære nye dansetrinn? Prøv deg under Osafestivalen, då vel! Kursa passar for alle, born og vaksne og er gratis. Skulle du ynskje du var like god å synge som Berit Opheim? No har du sjansen til å læra den…

Prøv deg! Lynkurs i folkedans med Arne Anderdal

Ungdomshallen

Vi ladar opp til dans med sjølvaste Jutullaget laurdag kveld i idrettshallen! Deltakarane får prøve seg på dei vanlegaste pardansane frå området: springar, reinlender, polka og vals. Passar for alle som har lyst til å prøve seg! Ta med gode sko! Kursleiar: Arne Anderdal Kurset varer i 50 min. og er gratis - kom tidleg…

Urtonen: Hans Fredrik Jacobsen – solo seljefløyte

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Seljefløyta er årets urtoneinstrument, og når multiinstrumentalist Hans Fredrik Jacobsen går til urtonen går han også til urmaterialet. For sjølvsagt er seljefløytene både sjølvlaga og laga av seljebork. Og me snakkar fløyter i fleirtal, for Hans Fredrik har spikka fløyter i ulike lengder – og dermed i ulike tonearter.   Hans Fredrik Jacobsen er ein…

Synneva Gjelland syng Halldis Moren Vesaas

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Halldis Moren Vesaas har bana veg og vore ein pioner på mange arenaer, og står att som ein av dei verkeleg store heltane i norsk litteraturhistorie. Som dotter av forfattaren Sven Moren, voks ho opp i Trysil – i eit frilynt og vidsynt folkehøgskulemiljø. Kjærleiken til naturen og menneska går igjen i lyrikken, og nynorskdiktaren Moren…

Prøv deg! Lynkurs i joik med Vástádus eana-artistane

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Kurset varer i om lag 50 min. og er gratis. Avgrensa tal på plassar. Hugs å last ned gratisbillett på TicketCo Kurset er støtta av Dansenett Norge og vert gjennomført av medverkande artistar i førestillinga Vástádus eana · The answer is land

Felemakarar i aksjon!

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Felemakarvekstaden ved Ole Bull Akademiet inntek Gamlekinoen! I tillegg til utdanning og kursing av studentar, har Akademiet sidan 2004 drive ein eigen verkstad for hardingfelebygging og reparasjon av instrument. Verkstaden har vorte ein stad som mange musikarar og andre hardingfeleinteresserte søkjer til.  På felemakarverkstaden reparerer dei hardingfeler og andre typar instrument laga av tre, som…

Utstillingsopning Systerspel

Voss Sparebank Vangsgata 18, Voss, Norway

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Vandreutstillinga "Systerspel" er basert på ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har me…

Meistertimen: Halling med Hallgrim

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Kva betyr det eigentleg «å gå i lære» hjå nokon? Korleis foregår overlevering av tradisjonar, kunnskap og danseteknikk i praksis? Osafestivalen inviterer til programposten «Meistertimen» med Hallgrim Hansegård og student ved Ole Bull Akademiet Ånund M. Myhren. Her tek me overleveringstradisjonen til scena. Hallgrim Hansegård vaks opp med kjærleik til hardlingfela og lausdansen, og stordansaren…

Stikk innom-konsert med Vossakrutt

Torget Vangsgata 28, Voss, Norway

Vosakrutt er juniorgruppa i  Toradarskulen på Voss.  Gruppa deltek i konkurransar og er ofte på speleoppdrag. Vosskrutt er open for alle som har spelt toradar ei stund og som har lyst til å spela saman med andre. Stikk innom torget på Vangen og høyr kva dei held på med! PS. Vossakrutt speler også til "Middagsdans"…

Middagsdans i Ungdomshallen

Ungdomshallen

Greier du ikkje å sitja roleg og berre høyra på alle dei fantastiske musikarane som opptrer på Osafestivalen? Då er løysinga Middagsdans i Ungdomshallen. Her kan du berre stikka innom på dagtid om trongen til å lata føtene sveipa over golvet i ein sugande rudl, eller spretta lettbeint kring i springar eller pols. Her får…

Tingingsverket 2022: Systerspel – om spelet som var og spelet som vart borte

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og  tale? Dei var her, og så vart dei borte?  Systerspel, er ei ny bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner. Om kvinner som spela fele, frå 1700-talet til i dag. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men…

Familietingingsverket 2022: Hest i huset

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

For dei fleste av oss høyrer hesten naturleg heime i stallen, men i Gustav Lorentzen sitt univers deler hesten like naturleg rom med oss som går på to. Tubaisten og komponisten Elisabeth Vannebo har skrive rykande fersk musikk til nokre av Gustav Lorentzen – den eine halvparten av Knutsen & Ludvigsen – sine fantastiske tekstar.…

Musikkdokumentaren «Til stede»

Voss kino

«Til Stede» er eit visuelt dikt om natur, kreativitet og identitet – skapt for å vekke inspirasjon og debatt. Filmen tek utgangspunkt i temaet folkemusikk og set gamle hardingfeletradisjonar frå Telemark i eit nytt perspektiv, og den stiller overordna spørsmål om korleis vere menneske i dag; behovet for å vere i kontakt med naturen, trongen…

Håkon Skogstad & Trondheimsolistene: «Visions of Tango» i Gamlekinoen

Gamlekinoen Tjukkebygdvegen 33, Voss, Norway

I samband med 100-årsjubileet for Astor Piazolla oppstod Håkon Skogstad sitt samarbeid med Trondheimsolistene – og resultatet vart Visions of Tango. Konserten inneheld Skogstad sine arrangement av Piazolla sin musikk, der pianoet står i fokus, og Skogstad sitt originalverk Concerto for Piano and String Orchestra, i fire satsar. Innspelinga av dette verket sikra tidlegare i…

Erlend Viken trio

Gamlekinoen Foajé Skulegata 15, Voss, Norway

Når Erlend Viken Trio dreg i gang i foajeen på Gamlekinoen laurdag ettermiddag kan dansefoten lett få køyrt seg. For etter fire år i dvale, er trioen meir enn klare for årets Osafestival! Med seg har dei eit rykande ferskt album og eit solid knippe tradlåtar, og med hardingfele, el-gitar og kontrabass vert det ei…

Minidokumentar: Susanne Lundeng

Voss kino

Minidokumentar om Susanne Lundeng laga av den anerkjente filmskaparen Thor Brenne. Brenne har fulgt Susanne til unike plassar i Nordland som Beiarn og Værøy. Vi vert også med Susanne til øya Fleinvær som har ein heilt spesiell plass i hjartet hennar og som på mange måtar har forma kunstnarskapet hennar. Lengde: 17 minutt BILLETTAR: https://vosskulturhus.no/kulturprogram/…

Susanne Lundeng

Voss idrettshall

Avisa Nordlys kallar Susanne Lundeng "en levende folketone".  Javisst er ho det, men ho er også eit levande menneskeleg fyrverkeri på scena. Ein konsert med Susanne Lundeng og bandet er ei emosjonell påkjenning i ordets beste og mest positive forstand. Både fordi musikken er så vakker og emosjonell og fordi framføringa treffer deg så midt…

Mat, musikk og vin: Attrå med kammergruppe frå Trondheimsolistene

Park Hotel Uttrågata 3, Voss, Norway

Attrå tyder begjær, eit begjær etter god mat, drikke og ei god oppleving utanom det vanlege. Gutta bak konseptet er Ola Kinserdal, Bendik Fladvad Stjørdal og Henrik Falkensten. Saman har dei erfaring frå restaurantar med stjerner i Michelin guiden, dei hippaste stadene i Oslo og lang erfaring frå Kokkelandslaget. Årets musikalske vertskap: Kammergruppe frå Trondheimsolistene…

Utdeling av folkemusikkstipend frå Vestland fylkeskommune

Voss idrettshall

Vestland fylkeskommune lyser kvart år ut folkemusikkstipend som skal oppmuntre til kunstnarleg utvikling og styrke og sikre arbeidet med immateriell kulturarv. Stipenda kan gjevast til musikarar, songarar og dansarar, og til dei som arbeider med dokumentasjon, formidling eller instrumentbygging. Det vil bli delt ut eit folkemusikkstipend på 60 000 kr og to folkemusikk ung – stipend…

Merit Hemmingson

Voss idrettshall

Merit Hemmingson er så nær du kan koma ei levande legende i det svenske musikklandskapet. Den 81 år gamle organisten, komponisten og songaren frå Jämtland har i snart 60 år skapt og uttrykt sitt heilt eigne musikalske univers. Eit univers der den svenske folkemusikken møter rocken, møter jazzen. Om nokon har skapt sin eigen "sound",…

Odd Nordstoga

Voss idrettshall

Med sekken full av både nye og gamle favorittlåtar kjem Odd Nordstoga til Voss idrettshall laurdagen under Osafestivalen! Med seg på tur har han sitt eminente band, med nokon av landets ypparste musikarar, som trippar etter å formidle den etterlengta kjensla av samspel som berre eit skikkeleg godt orkester kan levere. På desse konsertane vil…

Dans med Jutullaget

Voss idrettshall

Ikkje berre er Jutullaget ei av dei aller mest aktive runddansdgruppene i landet, dei er også ei av dei aller mest prisløna gruppene innan tradisjonsmusikken, heilt sidan dei vart noregmeistrar på Titanofestivalen i 1993. Gruppa vart etablert i 1988, og sidan har det hagla med gull, sølv og bronse på Landsfestivalen. Dei er to gonger…

Opheim & Plassen trallar til dans

Voss idrettshall

Å tralla til dans er ein gammal tradisjon, og laurdag kveld i idrettshallen kan du få svinga deg til to som kjenner sjangeren inn og ut. Synnøve Brøndbo Plassen vart nominert til Spellemannsprisen 2021 i klassa for folkemusikk med sitt album Hjemve - Slåttetralling fra Folldal. Eit album med 21 dansetrallar som omfattar dansar som…

Margunn Blikberg Nordgård solo

Sævelid Osavegen, Voss, Voss, Norway

Start dagen med solokonsert og sundagskaffe i Sævelid! Margunn voks opp på garden Øyjordi på Vossestrand, der ho framleis bur og driv gard med familien. Med to foreldre som var aktive folkedansarar, vart ho tidleg dregen inn i folkemusikken. Allereie som sjuåring byrja ho med hardingfele – fyrst med Olav Selland som læremeister, og seinare…

Marja Mortensson & Daniel Herskedal med Trondheimsolistenes strykekvartett

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Marja Mortensson hadde eit stort år i 2021. Ikkje berre vart ho kåra til Årets Folkemusiker, ho fekk også sin andre Spellemannspris, i kategorien tradisjonsmusikk, for albumet Raajroe – The Reindeer Caravan. Spellemannsprisen vann ho saman med Kringkastingsorkesteret og tubaisten Daniel Herskedal. Då Mortensson vart kåra til Årets Folkemusikar sa juryen at arbeidet hennar med…

UngOsa familiekonsert

Gamlekinoen Tjukkebygdvegen 33, Voss, Norway

Som avslutning på helgesamlinga for born og unge under festivalen får deltakarane syne publikum kva dei har jobba med i løpet av helga. Her vert det spel, song og dans framført av unge, spente kursdeltakarar. Gled dykk! UngOsa er eit samarbeid med Hardingfela.no Billett: Festivalpass, dagskort sundag eller enkeltbillett Born under 16 år gratis -…

Prøv deg! Fordjupning i seljefløyte med Steinar Ofsdal

Ole Bull Akademiet Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Dette kurset er for deg som har litt erfaring med seljefløyta, eller speler eit anna blåseinstrument. Ofsdal legg vekt på frasering og bruk av partoner, springartakter og læring av enkle slåttar. Kurset gjev også også høve til å avtale timar med Steinar Ofsdal om du er interessert i å spele sjøfløyte, fjellfløyte, blikkfløyte, blokkfløyte, follofløyte…

Forfattarmøte «Systerspel» – Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth

Voss Sparebank Vangsgata 18, Voss, Norway

I møte mellom forfattar Olaug Nilssen og Benedicte Maurseth vil dei samtale om Maurseth si siste bok Systerspel – Om spelet som var og spelet som vart borte, utgjeve av Fagbokforlaget. Dei vil drøfta det mangeårige innsamling- og skrivearbeidet, og koma inn på ulike tema som bondespelekvinna sin posisjon føre hamskiftet, kva føringar vekkingskristendom og…

Dei gamle instrumenta

Voss Folkemuseum Mølstervegen 143, Voss, Norway

Rasmus og Kenneth tek oss med på ei leiken hylling av nokre av dei eldre folkemusikkinstrumenta i Noreg! Dei serverer spenstige, fine og rare slåttar og morosame, alvorlege og skumle forteljingar knytte til instrumenta. Velkomen til ei rykande fersk førestilling i Årestova på Mølstertunet som høver for born og vaksne i alle aldrar! Årestova er…

Årets Osamæle: EIN SOLEKLAR EINAR

Osasalen Strengjarhaugen 6, Voss, Norway

Sigrid Moldestad og vener hyllar Einar Mjølsnes "Han er kanskje den mest ukjende folkemusikk-kjendisen vi har. Djupt respektert og sett opp til av sine kollegaer for sitt innovative leikne spel og sin vakre tone. Tonar som er meir kjende enn folk veit om? For når kjenningsmelodien til "Norsktoppen" gjekk i tallause år på radio var…

Musikkdokumentaren «Til Stede»

Voss kino

«Til Stede» er eit visuelt dikt om natur, kreativitet og identitet – skapt for å vekke inspirasjon og debatt. Filmen tek utgangspunkt i temaet folkemusikk og set gamle hardingfeletradisjonar frå Telemark i eit nytt perspektiv, og den stiller overordna spørsmål om korleis vere menneske i dag; behovet for å vere i kontakt med naturen, trongen…

Peer Gynt – Ragnhild Hemsing og Trondheimsolistene

Nain Gymnasvegen 4, Voss, Norway

”Tvete Viks arrangementer er forbilledlig innsiktsfulle, Hemsing og hennes Trondheim-musikere spiller bedre enn du kunne forestille deg, innspillingslyden er både varm og klar..” - Martin Anderson, KlassiskMusikk.com ”Grieg som ny igjen....Møtet mellom den klassiske musikkens og folkemusikkens klangverdener skaper uvante, men gripende farger” - Klassekampen Ragnhild Hemsing og arrangøren Tormod Tvete Vik har plukka 12…

Vástádus eana · The answer is land

Voss idrettshall

«Kraftfull på et stillferdig og storslagent vis.» - NRK «En sjeldent samstemt kombinasjon av musikk, sang, joik og dansekunstens kroppslige språk.» - Nordlys «Joikens rikdom møter samtidskunstens kraft.» - NRK «Handler om hva et hjem kan være, og svaret ligger i fellesskapets viktighet. Der flokken din er, der er hjemme.» - NRK Heime er der…