
Gro Holm opnar Osafestivalen
28. oktober kl 17:30

Med ein felespelande far frå Finnskogen og sitt fyrste dansekurs i kjellaren på Modum Bad og nervesanatorium, kan ein trygt slå fast at årets festivalopnar – NRK-journalist Gro Holm – har eit forhold til folkemusikken. Då ho møtte hardingfelespelet som 15-åring, vart det ei openberring. Det vart både fele og dans på unge Holm, som var kappleiksdansar til ho runda 20. Fela selde ho då naboane klagde på musikken, men kontakten med miljøet har ho halde på heile tida.
Velkomen til årets festivalopning i Voss idrettshall!
Billettar til fredag kveld i Voss idrettshall: Festivalpass eller huskort Voss idrettshall fredag